Hopp til innhold
X
Innhald

Ny direktør - nye tider

Gudmund Heggstad.

Gudmund Heggstad.

I 1955 flytta ein ny mann inn i verksdirektørbustaden i Kloumanns Allé:

Hans Hygen takka for seg etter 34 år. Den nye verksdirektøren, Gudmund Heggstad, hadde fire år bak seg som verksdirektør i Årdal. Han hadde ordre frå NACO-styret om å effektivisere og auke produksjonen. Heggstads leiarstil førte til harde konfliktar med fagforeininga. Det seier litt om samarbeidsklimaet at «Kjemisk» nekta å vere med på avskjedgåve til Heggstad då han slutta i 1968. Fagforeningsformann Anton Langøen tykte det var for ille, og betalte sjølv andelen av gåva!

I 1958 stod den nye C-hallen ferdig. Omnane her hadde langt større kapasitet enn dei gamle. Arbeidet i nyehallen vart sterkt automatisert.

C-hallen i 1965. Foto: Hydro-arkivet.

C-hallen i 1965. Foto: Hydro-arkivet.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.08.2010