Hopp til innhold
X
Innhald

Nydyrking i mellomkrigstida

På Hafslo er det dyrka nesten til fjells. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Hafslo er det dyrka nesten til fjells. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Luster som elles i Sogn har folk utnytta det som var av dyrkbare jordflekkar. Dette er høgdegarden Berge i fjellsida over Dale i Luster. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I Luster som elles i Sogn har folk utnytta det som var av dyrkbare jordflekkar. Dette er høgdegarden Berge i fjellsida over Dale i Luster. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Selskapet Ny Jord (skipa 1908) og Det norske Myrselskap (skipa 1902) spela frå byrjinga av 1900-talet ei sentral rolle i nydyrkingsarbeidet i Noreg.
I Sogn og Fjordane vart det i åra frå 1922 til 1955 løyvd tilskot til i alt 623 bureisingsbruk. Jølster og Gaular vart dei store bureisingskommunane i fylket i mellomkrigstid.

Også i kommunane som i dag utgjer Luster kommune vart det rydda store jordvidder på nye bruk.

I heile Luster vart det i perioden 1922 til 1955 gjeve tilskot til i alt 40 nyrydningsbruk, fordelt med 16 på Hafslo kommune, 14 på Jostedal og 10 på gamle Luster kommune.

Les elles samleartiklar under Sogn og Fjordane fylke: Nydyrking og bureising .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.04.2011