Hopp til innhold
X
Innhald

Offisersgarden i Leirvik

Leirvik gard i 1896. Her var det gjestgiveri frå 1821. Før det var det offisersgard.

Leirvik gard i 1896. Her var det gjestgiveri frå 1821. Før det var det offisersgard.

Leirvik ligg i enden av Bøfjorden, ein kort sidearm til Sognefjorden, og er den største tettstaden i Hyllestad kommune. Bygda utvikla seg tidleg til eit viktig senter i ytre Sogn. I Leirvik var det eksersisplass og vegsamband nordover.

I 100 år var Leirvik tilhald for offiserar, og Utstillingsplassen vart ei tid nytta som eksersisplass. (Sjå Krigshistoria i Hyllestad).

Leirvik var i 1660 eigd av lagmann Hans Hansen i Bergen. Seinare kom garden under Kaupangergodset, som eigde store jordvidder i Leirvik og bygdene ikring. Gardstunet i Leirvik brann i 1774, og enkjefru Knagenhjelm i Kaupanger selde i 1745 garden til kaptein Ole von Holck frå Trondheim.

Holck i tre generasjonar

Holck var kaptein for Vestre Ytre Sognske Kompani og vart seinare oberstløytnant. Han bygde eit etter måten stort våningshus i det nye tunet, med jarnomnar og ark på taket.

Det vart den yngste sonen, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck (1735-1809) som overtok Leirvik gard då foreldra døydde. Han vart også kommandant i Vestre Ytre Sognske Kompani, og slo under seg mykje jord i Hyllestad. Seinare vart han kommandant i det Holmedalske Kompani som hadde eksersisplass på Dingemoen i Dale (sjå Fjaler kommune).

Hornemann Holck vart styrar av posthuset som opna i Lerivik i 1786. Kona hans Martha Margrethe (1748-1838) fekk i 1821 løyve til å drive gjestgiveri i Leirvik. (Sjå Dei første gjestgiveria) Den mest kjende av borna til Hans Henrik Hornemann Holck var Eidsvoldsmannen Ole Elias Holck som busette seg i Alværa.

Broren Knud Kraft Holck (1789-1870) vart den tredje og siste i slekta som arva Leirvik-garden (sjå Wolff-familien tek over). Knud fylgde militærtradisjonen i slekta og vart etter kvart generalmajor ved Bergenhus festning.

Wolff-familien tok over

I 1855 selde Knud Kraft Holck det meste av Leirvik til Johan Wolff frå Manger, og i mange tiår etter vart Wolff-familien den sentrale handelsfamilien i Leirvik. Johan Wolff overtok som gjestgjevar og skysskaffar etter Holck-folket, og i 1873 starta han landhandel, og fekk også bygd eit stort pensjonat i sveitsarstil: Wolffs Pensjonat. Wolff styrde elles både post og telefon og var dampskipsekspeditør. Han sat som ordførar i Hyllestad i 27 år. I 1899 vart forretninga flytta til kaia og utvida. - Les meir i artikkelen Forretningsfamilien Wolff i Leirvik.

Leirvik sentrum i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leirvik sentrum i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2010