Hopp til innhold
X
Innhald

Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane

Oppdrettsnæringa er i dag ei av dei største eksportnæringane i Sogn og Fjordane.

Oppdrettsnæringa er blitt ei viktig næring på kysten av Sogn og Fjordane. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Oppdrettsnæringa er blitt ei viktig næring på kysten av Sogn og Fjordane. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Oppdrettsnæringa er i dag ei av dei største eksportnæringane i Sogn og Fjordane. Den gjev arbeid til kring 400 menneske og indirekte til kring 300 årsverk i andre næringar som transport og service. Oppdrettsnæringa i fylket produserer fisk og skalldyr for nærmare to milliardar kroner i året. Fiskeoppdrett er ei ung næring i Sogn og Fjordane, men ingen andre næringar har opplevd så mange opp- og nedturar som oppdrett har gjort i si korte soge.

Fiskeoppdrett i noko stort omfang har ei kort historie i Noreg, men i verdsmålestokk er den gamal. I Kina vart det drive oppdrett av karpefisk i jorddammar for 4000 år sidan. Nede i Europa vart levande fisk som skulle nyttast til føde haldne i fiskedammar alt i vikingtida, og i mellomalderen vart det drive fiskeoppdrett i klostera. Det er tyskaren Stephan Ludwig Jacoby (1709-1784) som vert rekna som opphavsmannen til kunstig befruktning og klekking av aure. I Noreg vart dei første lakse- og aureklekkeria bygde i 1850-åra. Yngelen derifrå vart nytta til kultivering i elvar og vatn. Kring 1900 vart den første regnbogeauren importert frå Danmark til nokre få oppdrett i ferskvatn, men nedgangstider i mellomkrigstida og 2. verdskrig gjorde at det ikkje var tankar for norsk, kommersielt fiskeoppdrett før ein kom fram på 1950-talet. Dei første nordmenn som sette ut laks i oppdrettsanlegg i sjøen, var brørne Karstein og Olav Vik i Sykkylven.

Dei provisoriske merdene til Erling Osland i Bjordal på 1960-talet. Privat foto.

Dei provisoriske merdene til Erling Osland i Bjordal på 1960-talet. Privat foto.

Oppdrettspionéren i Bjordal

Ein av dei første som fekk interesse for fiskeoppdrett, var den tidlegare aluminiumsarbeidaren Erling Osland frå Høyanger. I 1962 slutta han ved aluminiumsverket og starta oppdrett av regnbogeaure i nokre primitive anlegg som han bygde ved garden sin på Osland på sørsida av Sognefjorden. Framleis kan ein sjå restar etter landfesta til desse første oppdrettsmerdane på Osland. Erling Osland skal vi høyre meir til seinare.

Buféforskar ville skape superlaks

Den første, store pionéren innan norsk forsking på lakseoppdrett finn vi ikkje i eit maritimt miljø, men på eit forskingsinstitut på Norges Landbrukshøgskole på Ås: Professor Harald Skjervold var ekspert på dyregenetikk og hadde vore med på framkryssinga av den norske ”superkua”: NRF-kua. Røynslene frå NRF-forskinga ville Skjervold no overføre på laks og aure: Han ville utvikle ein norsk ”broilerlaks” som voks fort og vart ekstra tung. Forskingsanlegga til Skjervold låg først på Austlandet, men vart etter litt problem med fiskedød flytta til Sunndalsøra tidleg på 1970-talet. Der ville Skjervold nytte oppvarma spillvatn frå kraftstasjonane som ein lekk i oppdrett av ”broilerlaksen”. Det var truleg på dette anlegget på Sunndalsøra at dei første gyrocaktylussmitta laksefiskane kom inn til Noreg gjennom import av levande stamfisk frå Sverige. Anlegget fekk også store problem med fiskesjukdomane IPN. Men så lenge det gjekk bra med avlsforsøka på Sunndalsøra, såg det ut til at ein kunne lukkast med å avle fram ein ”superlaks” ved å krysse laks frå gode, lokale laksestammar. Ein av dei beste skulle vere Årøy-laksen frå Sogn som var spesielt kraftig og grovvaksen.

Kompetansestrid og kløyving

Men det gjekk ikkje lenge før det skar seg i samarbeidet mellom landbrukshøgskule-professor Skjervold og Havforskingsinstuttet om forskingsprosjektet på Sunndalsøra. Med støtte frå fiskeridirektør Klaus Sunnanå og i samarbeid med Erling Osland fekk havforskaren Dag Møller ved IFM - Institutt for fiskeri- og marinbiologi - Universitetet i Bergen, starta ein eigen forskingsstasjon for laks og aure i Matre i Nordhordland: Havbruksstasjonen Matre. Samarbeidsprosjektet mellom Erling Osland og universitetet hadde namnet ”Fisk og forsøk”. I Matre fekk dei leige hus og grunn frå kraftselskapet BKK. Men i 1977 vart forskingsstasjonen i Matre råka av fiskesjukdomen IPN og måtte drepe ned all fisken. Sjukdomsproblema skapte ikkje berre stagnasjon i forskinga, men gjekk også ut over samarbeidsånda i Matre-prosjektet. I 1978 vart det starta ein ny havbruksstasjon i Austevoll, men forsking på anadrom fisk vart framleis liggjande i Matre.

Lakseoppdrettsanlegg ved Ånneland i Gulen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lakseoppdrettsanlegg ved Ånneland i Gulen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein oppdrettsmerde på kvart nes

Erling Osland. Privat foto.

Erling Osland. Privat foto.

Oppdrettspionéren Erling Osland gjorde ikkje berre ein nasjonal innsats ved samarbeidet om forskingsanlegget i Matre. I mange år var Osland ein sentral organisasjonsmann i den nye næringa. Han vart medlem i det såkalla Lysø-utvalet (etter leiaren, tidlegare fiskeriminister Nils Lysø) som vart oppnemnt i 1972 for å kome med framlegg om korleis ein skulle organisere klekking og oppdrett av fisk i Noreg. Lysø-utvalet var ferdig med arbeidet sitt i 1977 og la grunnlaget for konsesjonslovene for oppdrettsnæringa, og at oppdrett skulle sortere under Fiskeridepartementet. Den norske oppdrettsnæringa tok til å få skikkeleg rotfeste framover 1970-talet – i ein nasjon som var sterkt prega av distriktspolitiske vindar etter den store EF-striden og nei-fleirtalet ved avrøystinga i 1972. Både konsesjonslova og politikarar og byråkrati som forvalta reglane, var den tida sterkt opptekne av at oppdrett skulle verte den nye tilleggsnæringa for fiskarbønder i kyst- og fjorddistrikta. Storkapitalen skulle haldast langt unna. Resultatet vart at det på kort tid vart lagt ut ei mengd små merdar. Men det gjekk ikkje lenge før det viste seg vanskeleg å drive lønsamt med ”ein mærde på kvart nes”.

Fiskeoppdretternes Salgslag

For å få ei organisert omsetning av oppdrettsfisk vart Fiskeoppdretternes Salgslag A/L skipa i 1978. Oppdrettarane vart ved lov plikta til å teikne medlemskap i Fiskeoppdretternes Salslag som fekk einerett til å ta seg av førstehandsomsetninga av all oppdrettslaks- og aure frå medlemene. Alle oppgjer skulle også skje gjennom laget.

Men utover 1980-talet vart næringa råka av overkapasitet opg overproduksjon, slik at det hopa seg opp store mengder slaktemogen laks i merdane: Medan produksjonen i 1979 var på 4100 tonn i året med ein førstehandsverdi på 163 millionar kroner, var ein i 1989 kome opp i ein årleg produksjon på 110.000 tonn til ein førstehandsverdi på 3,4 milliardar kroner. For å bøte mellombels på krisa og hindre totalt samanbrot i marknaden, fekk Fiskeoppdretternes Salslag i 1990 sett i verk ei storstila slakting og innfrysing av laks som kunne seljast når marknaden vart betre. Fiskeoppdrettarane samarbeidde med Norges Ferskfiskomsetnings Landsforening om tiltaket.

Oppdrettsanlegg ved Klavelandet i Flora. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oppdrettsanlegg ved Klavelandet i Flora. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette skulle vise seg å verte ei hasardiøs gambling for oppdrettsnæringa: Vona om at marknadssvikten skulle verte eit kortvarig blaff slo ikkje til, og det enda med at Fiskeoppdretternes Salslag gjekk dundrande konkurs i 1991, og og tapa var enorme. Men det som var verre: Konkursen og fadesen med ”lakseberget” drog med seg ei mengd oppdrettarar og eksportselskap som fekk så store tap at dei gjekk konkurs eller måtte selje unna. Mange lokale oppdrettsanlegg hamna i bankane sine hender, og det var i denne fasen – når anlegga skulle drivast vidare av nye eigarar – at storkapitalen for alvor fekk fotfeste i norsk oppdrett. Dette var også ei omlegging som hadde politisk støtte i regjering og Storting. Idéala om ei ”utkantnæring” eigd av lokale folk, slik ein drøymde om på 1970-talet, var kasta over bord. Eitt av selskapa som vart hardast råka av ”laksebergkrisa” var Skaarfish i Florø, der Harald Skaar måtte sjå på at den ein gong så blømande verksemda gjekk over til storkapitalisten Kjell Inge Røkke.

Firda Settefisk i Norddalsfjorden i Flora er mellom anlegga som har greidd seg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firda Settefisk i Norddalsfjorden i Flora er mellom anlegga som har greidd seg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Konkursar mellom smoltanlegga

Seint på 1980-talet vart dei som dreiv smoltproduksjon råka av ei liknande krise som den som råka lakseoppdrettarane og lakseeksportørar i 1991. Då oppdrettsnæringa for alvor tok av som ei ny vekstnæring på slutten av 1970-talet, skulle ”alle” som hadde ei høveleg elv å hente ferskvatn frå, starta oppdrett av smolt – d.v.s. innlegging og klekking av rogn og oppal av setjefisk. Utover 1980-talet fekk smoltanlegga nærmast vekse vilt utan at styresmaktene øvde kontroll med omfanget gjennom konsesjonar. Resultatet vart overproduksjon og krise med konkursar både her og der. To av dei største anlegga som vart råka av konkurs, var eit smoltanlegg ved Henjaelvi på Hermansverk og eit anlegg i Botnane i Bremanger. Nokre av dei konkursråka smoltanlegga vart stengde, medan andre vart tekne over m.a. av lokale oppdrettarar som hadde manøvrert seg unna dei verste økonomiske problema som kom i kjølvatnet av smoltkrisa og lakseberg-krisa nokre år seinare.

Marø Havbruk sitt anlegg ved Svanøy i Flora. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Marø Havbruk sitt anlegg ved Svanøy i Flora. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nøkkeltal for oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane

(Tal frå 2007, fordelt på produkt, konsesjonar, volum, verdi i mill. kr. og sysselsetting).

*Matfisk: 84 konsesjonar, 80.000 tonn, 1700 mill kr., 170 personar. *Settefisk: 20 konsesjonar, 13 mill stk., 100 mill kr., 80 personar. *Marin: 15 konsesjonar, 2000 tonn, 35 mill kr., 24 personar. *Skjel: 35 konsesjonar, 100 tonn, 0,25 mill kr., 6 personar.

I tillegg kjem kring 100 tilsette ved lakseslakeeria.

Sogn og Fjordane Fiskeoppdrettarlag

Fiskeoppdrettarane i Sogn og Fjordane organiserte seg i 1977.

Ola Braanaas er mellom dei som har gjort gode pengar på fiskeoppdrett, med selskapet Firda Management. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Ola Braanaas er mellom dei som har gjort gode pengar på fiskeoppdrett, med selskapet Firda Management. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015