Hopp til innhold
X
Innhald

Osen gard

Osen med Osfossen slik det kan ha sett ut i vikingtida. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Osen med Osfossen slik det kan ha sett ut i vikingtida. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Osen gard ligg på sørsida av utløpet av Gaula, og har eigedoms- og fiskeretten i halvparten av den store hølen under Osfossen.

Osen med Osfossen slik det kan ha sett ut i vikingtida. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Osen med Osfossen slik det kan ha sett ut i vikingtida. Illustrasjon: Bernt Kristiansen.

Gaularhov og jarlesete

Fornfunn viser at den har vore ein mektig gard lenge før vikingtida. Store buplassar frå bronsealderen er oppdaga, og eit blykors frå ca. 400-500 e.Kr. vart funne på toppen av ei kristen grav av seinare dato.

Gaularhov og jarlesete

I Osen stod Gaularhovet, den gamle offerplassen. Men då kristendomen vart innført, vart kyrkja ikkje bygd på den gamle offerplassen slik skikken var, men på garden Bygstad.

På Osen gard budde truleg Atle jarl, som rådde over Firda-fylket. Sønene til Atle kom i strid med fostersonen Ingolfr Arnarson frå Holmedal og Leiv Rodmarsson - ein strid som enda med at to av Atle-sønene vart drepne. Ingolfr og Leiv måtte røme landet, og drog som dei første landnåmsmenn til Island i 874.

Sjå òg Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke.

Frå Gaularspelet i 2007. Foto: Gaularspelet.

Frå Gaularspelet i 2007. Foto: Gaularspelet.

Gaularspelet

«Gaularspelet», eit historiespel som vert framført i Osen kvart år, byggjer på soga om Atle jarl. Spelet «Kjærleikssaum» er skrive av Rolf Losnegård etter ein ide av Egil Hjelmeland. Gaularspelet vart også framført på Thingvellir på Island i 1997.

Handelsplass og jektehamn i Osen

Gaula vart i gamle dagar sigla av jekter og andre større båtar heilt opp under Osfossen. Her bygde folk lenger oppe i dalen bryggjer og sjøbuer, m.a. ei kommunal kai.

Osen gard. Foto: Ottar Starheim, NRK

Osen gard. Foto: Ottar Starheim, NRK

Tingstad

I 1661 fekk eigaren av Osen gard, Laurits Sand, ein særskild domsrett for dei ni bruka kring inste Dalsfjorden som høyrde til garden. Osen gard var tingstad lenge før 1681, då den tidlegaste bevarte tingboka byrjar. Med den sentrale plasseringa garden har, er det sannsynleg at her har vore tingstad alt i førkristen tid. Garden var tingstad langt inn på 1800-talet.

Futen vert eigar av Osen gard

I 1740-åra får den mektige futen Hans Thiis NagelSvanøy-godset hand om Osen med tilliggjande gardar, seinare m.a. Storm-familien og familien Mo.

Hovudhuset på Osen gard, bygt av Jens Rennord i 1822. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Osen gard, bygt av Jens Rennord i 1822. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osen som prestegard

Osen vart prestegard då presten Jens Rennord fekk testamentert storgarden frå onkelen Ulrich Storm. Rennord fekk etter søknad flytte ned til Osen frå prestegarden på Sande. Storm-slekta fekk ordna med privat gravplass på garden. Den kan framleis sjåast like ved riksvegen mot Dale. Det var Jens Rennord som bygde det staselege hovudhuset på garden i 1822. Han bygde også ei tingstove på garden. Rennord vart prost i Sunnfjord til 1846. Han var også første ordføraren i Gaular, og sonen Ludvig "arva" seinare ordførarvervet etter faren. Etter Ludvig Rennord eigde Jan Dregebø Osen gard i to år før Ola Kristiansen Mo kjøpte den i 1880. Sidan har Osen gard tilhøyrd Mo- slekta - med unntak av "Rennord-huset" og lakseretten som alt var skild frå garden då dei overtok.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.09.2010