Hopp til innhold
X
Innhald

På sjukehus etter bjørnejakt

Kring 1840 vart Hans Horpedal (1812–1903) frå Fjærland stygt skadd av ein bjørn.

Slagbjørnen hadde gjort mykje skade på saueflokkar ved Breirindsbrua. Hans – som også vart kalla Smed-Hans – skadeskaut bjørnen bak i ryggen. Det såra dyret gjekk til åtak på skyttaren. Smed-Hans vart så sterkt skadd at han måtte sendast til sjukehus i Bergen for å verte lappa saman att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008