Hopp til innhold
X
Innhald

Pelsdyravl i Naustdal

Revefarm på Jonstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Revefarm på Jonstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Då interessa for reveoppdrett som åttåtnæring vakna på 1920-talet, var det Naustdal som vart den store «pelsdyrbygda» i Sunnfjord.

Pelsdyrpionér Ole M. Totland frå Bryggja i Nordfjord var pioneren i 1910, men etterkvart var det Gloppen som vart tyngdepunktet for pelsdyrnæringa i Nordfjord. I Sogn var det Lærdal. Dei første som starta reveoppdrett i 1926 i Naustdal var Johannes Byrkjeland, Arvid Sølvberg, Reinert Ullaland og Ludvik Lunden.

Pelsdyrfarmar grodde etterkvart opp på dei fleste gardar, og i 1929 var det 791 dyr i Naustdal og Vevring. I 1936 var det bygd 304 revegardar som huste 4624 sølvrev.

Overetablering og krig gjorde at mange slutta på 1940-talet, og i 1949 var det berre 90 revegardar med 864 dyr att i Vevring og Naustdal. Framleis er pelsdyravl ei viktig inntektskjelde på mange gardar i Naustdal.

- Les elles under Kjende personar i Naustdal om Conrad M. Øvrebø, ein av dei første i Noreg som starta oppdrett av mink.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010