Hopp til innhold
X
Innhald

Planar om tub-sanatorium i Markane

Tidleg på 1900-talet var det kampen mot tuberkulosen som var den store helsesaka. Sogn og Fjordane fylke bygde på få år ut tuberkulosesantorier i Lærdal, Lavik, Askvoll og Sandane.

I Nordfjord vann Sandane lokaliseringskampen i tevling med Faleide, og eit stort sanatorium vart bygd i Mona der Gloppen sjukeheim ligg i dag. I 1927 prøvde dåverande Innvik kommune på nytt å få bygd eit sanatorium på Faleide, kostnadsrekna til 120.000 kroner. Men prosjektet fall bort då vertskommunen sjølv ikkje ville stille driftsgarantiar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008