Hopp til innhold
X
Innhald

Planar om tub-sanatorium ved Faleide

Faleide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Faleide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidleg på 1900-talet var det kampen mot tuberkulosen som var den store helsesaka. Store statstilskot frå det såkalla Brennevinsfondet gjorde at Sogn og Fjordane fylke på få år bygde ut tuberkulosesantorier i Lærdal, Lavik, Askvoll og Sandane. I tillegg kom St. Jørgen Stiftelse sitt store Lyster Sanatorium på Harastølen i 1902.

I Nordfjord vann Sandane lokaliseringskampen i tevling med Faleide.

Men i 1927 dukka det opp ein plan om å byggje eit kombinert sjukehus og tuberkulose-sanatorium i Innvik kommune i indre Nordfjord. Sanatoriet skulle liggje på Faleide som tidlegare var lansert då Sandane vann kampen om lokalsiering av Nordfjord-sanatoriet i 1911.

Sanatoriet var kostnadsrekna til 120.000 kroner, der ein søkte om fylkestilskot på 15.000. Elles skulle Nasjonalforeningen skøyte til midlar. Resten skulle lånast frå den såkalla Riksforsikringsanstalten som var den statlege finansieringskjelda då. Brennevinsfondet hadde nemleg tørka inn etter at det vart innført totalforbod mot brennevin- og vinomsetning i Noreg i 1916.

Fylket ville ha kommunane Hornindal, Stryn og Innvik til å stille garantiar for drifta, men prosjektet fall bort då vertskommunen Innvik ikkje ville vere med på ein slik garanti.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.02.2010