Hopp til innhold
X
Innhald

Prestegarden Langvin

Hovudbygningen på Langvin vart flytta dit frå Gloppen i 1793. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudbygningen på Langvin vart flytta dit frå Gloppen i 1793. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Prestegarden Langvin i Innvik har vore prestegard i bygda sidan mellomalderen. Ein av dei mest kjende prestane som budde her var Jon Mogenson Schanke (Meister-Jo) frå 1597 til 1617.

Seinare budde Mads Olson Andenæs på Langvin, og her vart seks av dei åtte sønene hans fødde – ein av dei den kjende jusprofessoren Johs. Andenæs.

Bygningane

I 1759 brann prestegardstunet ned – m.a. våningshuset, som på folkemunne vart kalla «Herresalen». Prestegardsstabburet eller «bispeloftet» var eit av dei få husa som vart berga, og som framleis står.

I 1793 vart eit gamalt tømmerhus flytta frå Gloppen og sett opp som ny prestegardsbygning på Langvin. Prestegardshuset er nyleg restaurert, men har sidan 1793 vore ombygd og endra mange gonger.

Fylket overtek

I 1944 vart prestegarden overteken av fylket, som i 1951 flytta landbruksskulen for Nordfjord frå Mindresunde til Langvin. Langvin Jordbruksskule vart lagt ned i 1995, og sidan har det vore arbeidd for å bruke hus og jord m.a. til overnatting, kurs og dyrking av urter.

Sjå også: Mindresunde og Langvin jordbruksskular.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011