Hopp til innhold
X
Innhald

Sagnfjellet Hornelen

Hornelen. Til høgre i biletet ser vi Rugsund med brua som er ein del av fastlandssambandet til Bremanger. Foto: Stig Silden

Hornelen. Til høgre i biletet ser vi Rugsund med brua som er ein del av fastlandssambandet til Bremanger. Foto: Stig Silden

Hornelen kneisar loddrett opp frå skipsleia like vest for Rugsund, og vert med sine 860 meter rekna som den høgste sjøklippa i Nord-Europa.

Hornelen er skapt av den same konglometrat-bergarten som resten av Ålfot-massivet er laga av dvs. gamal havbotn med forsteina avsteningar av sand og små og store steinar. På den framoverlutande toppen skal det vere ei revne i fjellet. Segna vil ha det til at sjøfolk fekk forbod mot å bruke skipsfløyta når dei passerte under Hornelen. Gjorde dei det, kunne vibrasjonen føre til at fjellstykket ramla ut og skapte ei flodbylgje.

Få fjell i Noreg er knytt så mange segner og mystikk til som Hornelen - eller Smalsarhorn som den vart kalla i norrøn tid.

På toppen av Hornelen er det ei steinbu med namnet Olavsbu, der folk kan slkje ly dersom dei skulle bli overraska av uver. Der er det og eit norsk flagg og ei bok til å skrive namnet sitt i. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På toppen av Hornelen er det ei steinbu med namnet Olavsbu, der folk kan slkje ly dersom dei skulle bli overraska av uver. Der er det og eit norsk flagg og ei bok til å skrive namnet sitt i. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olav Trygvasson klatra i Hornelen

Den mest kjende segna om Hornelen fortel om kong Olav Trygvasson som klatra opp i fjellveggen og festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene freista å klive opp for å hente skjoldet, gjekk han seg fast og kom seg ikkje ned. Då skulle Olav Trygvasson ha klive opp, teke mannen under eine armen og berga han trygt ned.

Heilag Olav og trollkjerringa i Hornelen

Øvst oppe på Hornelen reiser Juratinden seg. Den har skap som ei jygr (trollkjerring) med ein unge under armen. Segna fortel at dette er jygra som Heilag Olav mante til stein ein gong han kom seglande så hardt framom at han kløyvde frå fjellet ei mektig steinblokk som datt ned og vart liggjande som det vi i dag kjenner som Marøyna.

Utsyn mot Måløy frå toppen av Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsyn mot Måløy frå toppen av Hornelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein annan segnvariant seier at Marøyna ein gong var landfast med Bremanger, men Heilag Olav baud fjellet å dele seg slik at han kunne segle rett fram. Slik vart Marøyna skild fra som eiga øy. Ei liknande segn om fjellet som deler seg for Heilag Olav, finn vi i Korssund - sjå: Krossen i Korssund.

Hornelen teikna på slutten av 1800-talet av K. Knudsen og publisert i hans reiseminner.

Hornelen teikna på slutten av 1800-talet av K. Knudsen og publisert i hans reiseminner.

Heksene dansa på Hornelen

Saman med fjellet Vora i Breim (sjå: Heksene på Vora), er Hornelen det mest kjende «heksefjellet» i Sogn og Fjordane. Her ville overtrua ha det til at heksene samlast til fest både julenatta og jonsoknatta for å danse og halde fest saman med Fanden.

Hornelen i norsk dikting

Det majestetiske fjellet ved skipsleia har vorte flittig omskrive av diktarar og i reiseskildringar. I gamle kjempeviser om Heilag Olav vert det dikta om trollet som ropa frå bergveggen når kongen segla framom:

:Seg, du mann med kvite skjegg, :kvi sigle du so min bergvegg?

:Olav svara: :Statt, troll, no ævleg der i stein, :so gjer du ikkje folki til mein.

I 1651 skreiv J. L. Wolff i verket «Norrigia Illustrata»: «Sidst udi Bergenhus Stift hos den Havn Horn staar der en meget forfærdelig høi Klippe, Horninde kaldet, som em spitz Spir op i Væyrit, som Ingen kand komme op paa eller viude høiden paa, og det sjunis, at Skyerne bryde derpaa, og som Ingen kand vide samme Klippes Høide, saa er og Vandet his Klippen usannsynligt dypt, og her hos denne Klippe endis Bergens Stift».

Diktarpresten Claus Frimann og broren P.H. Frimann dikta hyllingsdikt til Hornelen.

Kristian Bing kleiv den bratte ruta

I 1897 vart den bratte fjelleveggen klatra rett opp av den kjende fjellklatraren Kristian Bing frå Bergen. Han var i fylgje med den lokalkjende Anders J. Hunskår frå Skatestraumen. Bing er elles kjend som fjellklatrarpionér i Jotunheimen og kring Jostedalsbreen, og i Ålfot-fjella.

Frå oppstiginga til toppen av Hornelen frå sørvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå oppstiginga til toppen av Hornelen frå sørvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010