Hopp til innhold
X
Innhald

Sæla-dokteren

Sæla like vest for Naustdal sentrum, der Sæla-dokteren tok imot sjuke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sæla like vest for Naustdal sentrum, der Sæla-dokteren tok imot sjuke. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Når folk og dyr vart sjuke i eldre tider, søkte dei hjelp hjå dei lokale bygdedokterane.

Ein av dei mest søkte bygdedokterane i Fjordane på 1700-talet var Sæla-dokteren i Naustdal – Henrik Ananiason Sæla (1753-1790). Han kunne lækje både folk og fe. Folk kom langveges ifrå for hjelp. Han lærte seg også teknikken med innpoding av barnekoppar, og fekk i 1786 premie av Det Nyttige Selskab for kunstane sine me kopping og årelating. Metoden vart teken i bruk i 1765. Det er tydeleg at Henrik har hatt medisinske kunnskapar langt ut over det han hadde lært frå tradisjonar i bygda, for då han døydde ung etterlet han seg mange medisinske bøker m.a. skrive på tysk.

Bjørkedalen, der Henrik Henriksson Sæla busette seg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bjørkedalen, der Henrik Henriksson Sæla busette seg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Også sonen Henrik, som busette seg i Bjørkedalen (no i Førde kommune) arbeidde som vaksinatør etter at faren døydde. (Sjå Henrik Henriksson Sæla under Kjende personar i Førde fødde år 1800-1830).

Haldor Monsson var hjelpevaksinatør med ansvar for Vevring sokn. Ein annan bygdedokter var Jakob Andreas Johannesson Kvellestad (1864–1941) frå Vevring. Han laga medisin av plantar og røter, og folk skreiv langveges ifrå for å søkje hjelp.

Les også: Helsestell i Naustdal og Helsestell i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010