Hopp til innhold
X
Innhald

Sætre og Årheim var sorenskrivargardar

Stryn med Årheim til høgre for elva. Foto: Arne Vik.

Stryn med Årheim til høgre for elva. Foto: Arne Vik.

Årheim ligg på sørsida av Stryneelva, tvers over for dagens sentrum. Her budde ei tid den andre sorenskrivaren i Nordfjord, Trugels Jensson, i nokre år til han døydde i 1611.

Årheim var elles mykje brukt som sjefgard for offiserane i det Strynske Compagnie (sjå Krigshistoria i Stryn). Morits Jensson, som seinare vart fut i Nordfjord, budde ei tid som sorenskrivar på 1600-talet på garden Sætre i Stryn. Truleg var dette frå like før 1620 og til 1628 då han flytta til Rygg i Gloppen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.03.2011