Hopp til innhold
X
Innhald

Siste avrettinga i Sogn og Fjordane

Her på Ekservollen på Kvalsøyri vart Jacob Johannesson Høyum avretta i 1858. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her på Ekservollen på Kvalsøyri vart Jacob Johannesson Høyum avretta i 1858. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den siste avrettinga ved halshogging i Sogn og Fjordane bar til i Luster i 1858 då Jacob Johannesson Høyum (fødd 1806) frå Høyheim i Luster vart avretta for konedrap.

Under lauving i marka i 1857 hadde han med vilje skuva kona si utfor eit berg slik at ho skadde seg stygt og seinare døydde. Men før ho døydde fortalde ho kva som hadde hendt, og «Jerva-Jakob» som han vart kalla, var dømd til døden ved halshogging.

Den dagen avrettinga skulle gå føre seg hadde det samla seg hundrevis av menneske kring rettarstaden på Ekservollen i Luster. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018