Hopp til innhold
X
Innhald

Sjølaksefisket i Solund

Ola Færøvik (t.v.) og Herman Færøvik med båten full av laksenøter ved Hamneholmen, truleg på slutten av 1930-talet. Ukjend fotograf, eigar Marie Henriette Ytrøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ola Færøvik (t.v.) og Herman Færøvik med båten full av laksenøter ved Hamneholmen, truleg på slutten av 1930-talet. Ukjend fotograf, eigar Marie Henriette Ytrøy/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Solund møter laksen, som søkjer mot elvane inne i Sognefjorden, for første gong land etter vandringa i storhavet. Laksefisket med sitjenot og kilenot, og seinare drivgarn, har difor vore ei verdfull inntektskjelde i mange hundre år, og Solund er den største kommunen for sjølaksefiske i Sogn.
Alt på 1600-talet er det registrert sitjenøter i Hjønnevåg og andre stader. Dei første fredingsføresegnene for laks vart innførde i 1848, med sesongfreding 14. september - 14. februar, og helgafreding i fisketida.

God fangst med kilenøter

Det kom eit sterkt oppsving i sjølaksefisket då dei første kilenøtene vart tekne i bruk kring 1840, og frå ca. 1860 vert laks ei viktig eksportvare til England. Mange fiskekjøparar både i Solund og nabokommunane langs kysten dreiv sjølve eksport av isa, fersk laks til England i denne tida. - Fiske med laksenot var ikkje fårefritt. I 1924 drukna Johannes Gildrenes då han fylgde med til sjøs under arbeidet med å setje ut ilesteinar. 1957 var det registrert 100 laksenøter i Solund kommune, i Hyllestad 87. På 1970- og 1980-talet hadde Solund ein stor sjarkflåte som dreiv drivgarnsfiske etter laks. Midt på 1980-talet vart det sett forbod mot dette fisket i norske farvatn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.06.2010