Hopp til innhold
X
Innhald

«Sjukehuset» og «Lasarettet»

Det såkalla lasarettet, slik det såg ut i 1917.

Det såkalla lasarettet, slik det såg ut i 1917.

Då anleggsarbeidet starta opp i Høyanger i 1915, hadde bygda eit lite «sjukehus» med plass til sju senger. Huset låg i Kloumanns alle, og husa også legekontoret. Den store arbeidsstyrken budde den første tida svært dårleg, og difteri og andre farsotter herja.

Difor vart det bygd eit «lasarett» ut med stranda på vestsida av fjorden der ein kunne ta imot smitta pasientar.

Både «sjukehuset» og «lasarettet» var i drift heilt til dei vart avløyste av NACO-sjukehuset i 1934.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2010