Hopp til innhold
X
Innhald

Sjukepleiestudent drepen i Førde

Den 6. juni 2004 vart den 22 år gamle sjukepleiestudenten Anne Slåtten frå Hjelmeland i Rogaland funnen drepen i eit kratt like ved Førdehuset.

Drapet utløyste den største politietterforskinga i Sogn og Fjordane til då for å finne gjerningsmannen. Ein 42 år gamal mann frå Bygstad vart etter fire månaders etterforsking arrestert etter fellande DNA-bevis og dømd til 15 års fengsel for drapet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008