Hopp til innhold
X
Innhald

Sjukestove i Svelgen

Dette var ei tid sjukestova i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette var ei tid sjukestova i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I samband med utbygging av kraftanlegga i Svelgen, vart det i 1918 bygd ei sjukestove i bygda.

Første året vart sjukestova fylt opp av pasientar som var råka av den fårlege influensasjukdomen spanskesykja. Diakonisser frå Bergen vart engasjerte for å pleie dei sjuke. Distriktslegen i Bremanger kommune budde i Kalvåg, men hadde fast kontordag kvar veke i Svelgen i anleggsåra frå 1918 til 1922. Då anleggstida var omme, overtok Svelgen Sanitetsforening drifta av sjukestova.

Kraftselskapet ytte tilskot til drifta slik at det var mogeleg å halde fast sjukesyster. Sjukestova vart òg nytta som fødestove heilt fram til kring 1950. Sjukestova låg like under Villahaugen, og huset har seinare vorte nytta av Svelgen Røde Kors.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010