Hopp til innhold
X
Innhald

Skiidretten i Sogndal

Hopprenn i Kleivsbakken i Sogndalsdalen ca. 1960. Hopparen er Henrik Myklestad. Foto: Leiv Bergum.

Hopprenn i Kleivsbakken i Sogndalsdalen ca. 1960. Hopparen er Henrik Myklestad. Foto: Leiv Bergum.

Sogndals Skilag vart skipa i 1895 etter at den kjende offiseren og skipionéren Henrik Angell hadde reist rundt i Sogn for å skipe skilag. I 1926 gjekk skilaget inn i det nyskipa Sogndal idrettslag.

Hoppsport

Det var hoppsporten som stod høgast i kurs mellom tevlingsglad skiungdom dei første 50 åra. Dei første små hoppbakkane vart rigga til i Nedrehagen, Løengi på Skjeldestad, Bjedlabakken og i Eggjabakken. I 1928 vart den første storbakken bygt på Lereimstølen. Her kunne ein hoppe opptil 60 meter. Her gjekk Sognerennet av stabelen frå 1930 og utover. Også i bakken på Kleiv, som vart bygt etter krigen, kunne ein hoppe kring 60 meter.

Langrenn

I Sogndal vart det etter kvart bygt lysløyper for langrenn på Selseng, Kaupangerskogen og i Hodlekve.

Hodlekve Skisenter A/S

Hodlekve Skisenter bygde alpinbakke med 1.015 meters skiheis i Hodlekve i Sogndalsdalen i 1979.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010