Hopp til innhold
X
Innhald

Skogbruk og bærplukking

Frakt av tre som skulle bli skipsmast på veg frå Markane til Faleide.  Ukjend fotograf.

Frakt av tre som skulle bli skipsmast på veg frå Markane til Faleide. Ukjend fotograf.

Folket i Randabygda med skogteigar i Markane

Den storvaksne furuskogen, særleg i Markane, var tidleg ei av dei viktigaste «eksportvarene» frå indre Nordfjord. I Markane finst enno spesielle hesteselar frå tida då dei drog enorme mastefurer ned til Faleide for utskiping med seglskuter til Bergen.

Folket i Randabygda med skogteigar i Markane

Folk i Randabygda og Tvinnereim hadde i eldre tid eigne skogteigar i søre Markane, kalla Randaskogane. Forklaringa på dette var at det den gongen var ringt med tømmerskog på sørsida av fjella, og at det vart kort veg over Holmøyskaret når ein skulle hente tømmer i Markane.

Skogsbæreksport

Skogsbæreksport

I dei same bygdene var plukking av villbær ei viktig attåtinntekt, og frå 1911 var mottak og utskiping av blåbær ei av hovudoppgåvene for A/S Markernes Handelslag. Firma A/S Roset & Co. på Blakset tok også imot mykje bær.

Frå Hornindal eksporterte den kjende «Blåbærkongen» Rasmus K. Grodås mykje skogsbær til England, og i Gloppen administrerte kjøpmann Kristen Søreide Nordfjord Bærlag, som eksporterte både skogsbær og hagebær til England og leverte til marknaden i Bergen.

Dette bærlaget var i verksemd til ut på 1950-talet. Kjøpmann Johan Lothe på Ryggøyra i Gloppen kjøpte også opp skogsbær for vidaresal til Bergen.

Skogsbær, særleg blåbær, var ei inntektskjelde tidleg på 1900-talet, mellom anna på Blakset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skogsbær, særleg blåbær, var ei inntektskjelde tidleg på 1900-talet, mellom anna på Blakset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011