Hopp til innhold
X
Innhald

Skotske laksefiskarar i Flekke

Gardshuset på Hellebust, som vart kjøpt av ein skotsk laksefiskar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gardshuset på Hellebust, som vart kjøpt av ein skotsk laksefiskar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flekkeelva vart tidleg oppdaga av utanlandske sportsfiskarar. På same vis som t. d. i Lærdal (sjå: Laksen og Lærdalselvi) og i Osfossen (sjå: Laksefisket under Osfossen), kjøpte utanlandske laksefiskarar ikkje berre retten til laksefisket, men også heile gardar der laksfisket høyrde til.

I 1886 kjøpte såleis skotten Henrik Nicholls garden Hellebust, og sonen Frank Nicholls tok over garden og lakseretten og eigde den fram til 1931. Framleis kan ein sjå steinmurar på garden som vart mura i «skotsk stil» av laksefiskarane. Skotte-murane har ein typisk «hatt» som avslutning på toppen.

Den største laksen som skal vere teken i Flekke-vassdraget, var ein rugg på 32 kilo, landa av ein engelskmann i 1912.

Restar av dei skotskinspirerte murane på Hellebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Restar av dei skotskinspirerte murane på Hellebust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2010