Hopp til innhold
X
Innhald

Slingsby på Jostedalsbreen

I 1874 gjorde den kjende fjellklatraren William Cecil Slingsby den første turen til Jostedalsbreen. I 1881 gjekk Slingsby i fylgje med Johannes Vigdal til Høgste brekulen, og i 1884 klatra han til toppen av Lodalskåpa frå Olden-sida saman med Lars Jensen Batalden (Batalde-Lars) og Jens Rustøen.

Same året fylgde den kjende breføraren Mikkel Mundal frå Fjærland William Slingsby på den første brekryssinga som han gjorde frå Jostedal til Greidung i Oppstryn.

I 1894 utforska Slingsby den lite kjende brearmen Austerdalsbreen saman med breførar Mikkel Mundal (sjå biletet øvst).

Les meir om Jostedalsbreen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2008