Hopp til innhold
X
Innhald

Smørlaga i Luster

Spanna i mjølkerampa på Tang på Hafslo er berre til pynt i dag. Men herifrå vart det henta mjølk til eitt av dei første meieria i fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Spanna i mjølkerampa på Tang på Hafslo er berre til pynt i dag. Men herifrå vart det henta mjølk til eitt av dei første meieria i fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1935 vart det skipa ei mengd såkalla «smørlag» i Luster. Noverande Luster kommune var truleg det området i fylket som hadde flest smørlag - i alt 11 lag: I Kroken, Sørheim, Skjolden, Luster, Høyheimsvik, Gaupne, Veitastrond, Hafslo, Marifjøra, Nerbygda (Jostedal) og Dalane (Jostedal). Dette tilsvarar 15 prosent av alle smørlaga i fylket.

Eigd av bøndene

Smørlaga var bondeeigde lag som med statstilskot stod for omsetninga av heimekinna smør. Det meste av smøret frå dette og andre smørlag i fylket vart sendt til Norske Meieriers Exportlag sin stasjon i Bergen. Denne landssamanslutninga endra i 1942 namnet til Norske Meieriers Salgssentral. Sogn og Fjordane hadde på det meste kring 80 smørlag, og det vart omsett nær 750 tonn smør gjennom smørlaga så seint som i 1950.

Stort lag i Marifjøra

Eit av dei største smørlaga var Marifjøra Smørlag, som hadde ei omsetning på 25 tonn gardssmør i 1937.

Sentralmeieri etter 1950

Smørlaga hadde si blømingstid fram til kring 1950, då det vart bygt ei mengd nye sentralmeieri i Sogn og Fjordane. Då vart det sett opp mjølkeruter med bil og båt som frakta ferskmjølka direkte til stormeieria for produksjon av smør og ost der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.04.2011