Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Bogeskyttarkrins

Martinus Grov frå Førde var så treffsikker at han tok fjerdeplass både i VM og OL. I bakgrunnen Helge Bydal, som rydda grunnen for sportsgreina i Sogn og Fjordane.

Martinus Grov frå Førde var så treffsikker at han tok fjerdeplass både i VM og OL. I bakgrunnen Helge Bydal, som rydda grunnen for sportsgreina i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Bogeskyttarkrins vart skipa i 1971. Føregangsmannen i bogeskyttarmiljøet i Sogn og Fjordane var Helge Bydal frå Førde. Han fekk Fylkeskulturprisen i 1992 for innsatsen som idrettsorganisator både innan bogeskyttarmiljøet og for orienteringssporten.

Bogeskyttarkrinsen har i alt fem innmelde lokallag. Alle er å finne i Fjordane: Førde, Eid, Loen, Gloppen og Vågsøy. Det er særleg bogeskyttarane frå Eid som har hevda seg sterkast i nasjonale og internasjonale tevlingar – både som lag og individuelt.

Men den som har nådd lengst som bogeskyttar individuelt er likevel Martinus Grov frå Førde med 14 noregsmeisterskap. Han vart nordisk meister i 1995 og tok fjerdeplassar i VM innandørs i 1991 og i dei olympiske leikane i 1992.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015