Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Bondelag

Forløparen til Norges Bondelag, Norsk Landsmannsforbund, vart skipa av jordbruksskulestyrar i 1896.
I 1922, to år etter at Bondepartiet vart skipa, endra Landmannsforbundet namnet til Norges Bondelag.

Organisert i fogderi-krinsar

Organisert i fogderi-krinsar

I 1910 vart det vedteke å organisere Norsk landmannsforbund sine lokallag i krinsar: I Sogn og Fjordane vart delt inn i fire kringar: Nordfjord, Sunnfjord, ytre Sogn og indre Sogn. Alle desse vart skipa i åra 1910 og 1911. I nokre av desse laga vart det også skipa ”særforbund”. Eitt av desse var Tobakksdyrkingslaget i indre Sogns krins (Les meir om tobakksdyrkinga i Tobakksdyrkinga i Luster). Skiping av av lokale heste- og husdyravlsforeningar var viktige saker i dei første åra.

Spela politisk rolle

Krinslaga engasjerte seg i det meste i bygdesamfunnet: Vegbygging, jernbanesaka og Fylkesbaatane sine rutetabellar og fraktsatsar var gjengangarar på møta. Og bondelaga spela sjølvsagt ein viktig, lokal rolle då Vestlandske Salslag vart skipa i 1920. Dei veik heller ikkje unna for å engasjere seg direkte i rein partipolitikk: I 1918 vart t.d. krinsformannen i indre Sogn vald som laget sin utsending til Venstre sitt krinsmøte. Der skulle han krevje eit svar frå Venstre sin førstekandidat om denne godkjende Landmannsforbundet sitt program for landbruket. Då han ikkje svara, gjekk Landmannsforbundet ut med ei oppmoding til medlemene sine om å røyste på Høgre sin stortingskandidat i staden!

Lite aktivitet i nedgangstidene

Lite aktivitet i nedgangstidene

Då nedgangstidene sette inn frå 1919 og utover, låg mykje av lagsverksemda nede. Først då Norges Bondelag sentralt frå 1935 tok til å sende ut tilsynsmenn som heldt foredrag kringom i bygdene, fekk bøndene ny kveik og mange bondelag vart reorganiserte. Under andre verdskrig låg alt organisasjonsliv i nasjonen nede – også i Norges Bondelag. I 1946 vart Norges Bondelag reorganisert og fekk nye lover som m.a. kravde skiping av fylkesorganisasjonar.

Fylkeslag skipa 1947

Fylkeslag skipa 1947

Sogn og Fjordane Bondelag vart skipa på eit møte i Førde den 3. mars 1947 med Nils J. Helgheim frå Jølster som første formann. Hans Supphellen var fylkessekretær frå starten i 1947 til 1972. På det meste – d.v.s. midt på 1950-talet – var i alt 42 lokale bondelag med 3214 medlemmer innmelde i Sogn og Fjordane Bondelag. Dei største laga fann ein då i Sogndal (320), Førde (220), Gloppen (210), Breim (198) og Naustdal (167). I 1982 skipa Sogn og Fjordane Bondelag og Hordaland Bondelag og bøndene sine samvirkeorgansasjonar på Vestlandet eit samarbeidsråd som skulle samordne vestlandsbøndene sine felles interesser i dei nasjonale styringsorgana.

Sogn og Fjordane Bondelag har i dag fylkeskontor i Førde.

Medlemer av bondelaget deler ut aksjonsaviser i samband med jordbruksoppgjeret. Foto: Vegar Erstad, NRK.

Medlemer av bondelaget deler ut aksjonsaviser i samband med jordbruksoppgjeret. Foto: Vegar Erstad, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015