Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Energi - SFE

SFE-hovudkvarteret i Bukta på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

SFE-hovudkvarteret i Bukta på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sogn og Fjordane Energi med hovudsete på Sandane har gjennom dei siste åra vore det mest lønsame selskapet som Sogn og Fjordane fylkeskommune eig. Det var i 1968 at Sogn og Fjordane fylke skipa sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk. Dette vart seinare omdøypt til Sogn og Fjordane Energi – forkorta til SFE.

Heilt sidan starten har SFE hatt hovudkontoret sitt i Bukta på Sandane. Her var det også at Vestlandske Kraftsamband hadde hovudkontoret sitt. Vestlandske Kraftsamband hadde som hovudansvar å byggje ut stamlinenettet i landsdelen, og det var dette ”kraftmiljøet” på Sandane som det fylkeseigde kraftselskapet vart bygt vidare på då Vestlandske Kraftsamband vart avvikla.

Frå utbygginga i Yksenelvane på 1950-talet. Ein generator blir lossa. Foto: Kåre Herland.

Frå utbygginga i Yksenelvane på 1950-talet. Ein generator blir lossa. Foto: Kåre Herland.

Eigne kraftverk

Sogn og Fjordane Kraftverk/Sogn og Fjordane Energi har bygt ut eigne kraftverk i Åskora i Ålfoten i 1971, i Osenvassdraget i Gloppen/Flora i 1986-1987 og i Vetlefjorden i Balestrand i 1989. Men SFE har vorte møtt med vernevedtak når selskapet har freista å få bygt ut fylket sine fallrettar i Gaularvassdraget og Naustdal- og Gjengedalsvassdraga.

Mel Kraftverk i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mel Kraftverk i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samanslåing

Sogn og Fjordane Energi tok i 1999 over det interkommunale Firdakraft i Nordfjord. Firdakraft hadde sidan 1954 produsert kraft i Yksenelvane i Ålfoten der selskapet leigde fallrettane av Sogn og Fjordane fylke. I 2000 vart Gloppen elektrisitetsverk, som m.a. driv kraftproduksjon i Storelva i Gloppen, ein del av SFE. Det same vart Eid Energi, og i 2002 vart Ytre Fjordane Kraftlag med hovudkontor i Florø ein del av konsernet.

Fire dotterselskap

Fire dotterselskap

SFE er delt inn i fire dotterselskap:

SFE Kraft

som sel kraft frå eigne kraftverk og frå andre selskap og småkraftverk. Det er dette selskapet som tek seg av salet av konsesjonskrafta som fylkeskommunen har hand om.

SFE Nett

eig og driv selskapet sitt overførings- og lokalnett i sju kommunar i Sunnfjord og Nordfjord. Innanfor dette området har selskapet over 22.000 kundar. Dette nettet vert også nytta for breiband.

SFE har mange mil med kraftliner. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

SFE har mange mil med kraftliner. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

SFE Produksjon

driv dei 13 kraftstasjonane som SFE sjølv eig, og tre kraftstasjonar som SFE leiger av Gloppen kommune. I tillegg er det medeigar i ein vindmøllepark i eit anna energiselskap. Gjennom ein avtale med Statkraft frå 1970-talet eig også SFE Produksjon 35 prosent av Leirdøla kraftverk i Luster. I tillegg yter SFE Produksjon tekniske driftstenester til eigarar av småkraftverk i regionen.

SFE Naturgass

vart skipa i 2003 saman med Gasnor (40 %) og driv sal og distribusjon av naturgass i Sogn og Fjordane. I 2010 selde SFE naturgassverksemda til Gasnor AS. I den perioden SFE Naturgass AS var ein del av SFE etablerte selskapet tre gassterminalar i Sogn og Fjordane, i Florø, Høyanger og Nordfjordeid.

Ole Schanke Eikum, konsernsjef frå 2003 til 2012. Foto: SFE.

Ole Schanke Eikum, konsernsjef frå 2003 til 2012. Foto: SFE.

Vindkraft

I dei siste åra har SFE engasjert seg i selskap som freistar å byggje ut vindkraft langs Vestlandskysten og til havs, og har også vore engasjert i utvikling av lokale varmekraftverk kringom i fylket.

BKK inn som stor eigar

I 2001 selde fylket 38,51 prosent av aksjane i SFE til BKK – Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap. BKK har tidlegare kjøpt opp Gulakraft i Gulen kommune i 1996 og Høyanger Energiverk i 1999, samt skaffa seg 37,45 prosent eigardel i Sunnfjord Energi i 2000 og 44,44 prosent eigardel i Sognekraft.

Konsernleiing

Det var sjefen for Vestlandske Kraftsamband, Kåre Herland, som vart det første leiaren for Sogn og Fjordane Kraftverk fram til 1982, då han vart avløyst av breimingen Jonfinn Fløtre (sjå denne – Gloppen kommune). Då Fløtre i 1989 fekk ei leiarstilling i førebuinga til OL på Lillehammer i 1994, vart Rikard Solheim tilsett som konsernsjef frå 1989 til 1997. Den danske kvinna Ingelise Arntzen var konsernsjef frå 1997 til 2000, Rune Øyan 2000-2003, Ole Schanke Eikum 2003-2012 og Terje Gjengedal frå 2013.

SFE medeigar i Svelgen-krafta

Dei norske konsesjonslovene frå 1909 sette forbod mot at utanlanske selskap kunne eigefallrettar og kraftproduksjon i Noreg. I 2008 kravde EU/ESA at den norske konsesjonslova måtte endrast slik at utanlandske private selskap vart jamstelte med norske selskap i å eige kraftressursane. Dette gjorde at den norske regjeringa i all hast fekk endra lova slik at det no berre er offentleg eigde energiselskap som kan eige dei store kraftverka i landet. Det Orkla-eigde Elkem måtte dermed selje kraftanlegga sine kring Svelgen. I løpet av sommaren 2009 skipa dei store, offentleg eigde energiselskapa SFE – Sogn og Fjordane Energi, Sognekraft AS og Tafjord Kraft AS på Sunnmøre eit nytt selskap; Svelgen Kraft Holding AS. Dette selskapet kjøpte hausten 2009 alle aksjane i Elkem Energi Bremanger AS for 1,7 milliardar kroner. Kraftverka Svelgen 3, Svelgen 4 og Straumane kraftverk var med i handelen. Til saman kan desse kraftverka produsere 435 Gwh i året.

I holdingselskapet eig SFE 56 prosent, Tafjord Kraft 34 prosent og Sognekraft 10 prosent. Også Sunnfjord Energi var ei stund med i forhandlingane, men måtte trekkje seg frå eigarskap fordi dei hadde andre store utbyggingsoppgåver som trong mykje kapital.

Skogheim Kraftverk i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skogheim Kraftverk i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

SFE sine kraftportefølje i 2009

  • Skorge kraftverk i Kjødepollen i Selje 5 GWh
  • Åskora I og II i Ålfoten 577 GWh
  • Yksenelvane inkl. småkraftverka i Bjørndalen og Daurmål 195 GWh
  • Leigeavtale om tre kraftverk i Gloppen tils. 67 GWh
  • Kraftverka i Svelgen 675 GWh – inkl. leigeavtale om Svelgen I og II på 240 Gwh
  • Sagefossen Kraftverk ved Skogstadvatnet ved Eikefjord 45 GWh
  • Skogheim Kraftverk ved Storfjorden i Vestre Hyen 37 GWh
  • Øvre og Nedre Markevatn i Askvoll 57 GWh
  • Oslandsbotnen i Askvoll 14 GWh
  • Mel kraftverk i Vetlefjorden 217 GWh
  • Leirdøla i Luster – 30% eigarskap 167 GWh
SFE eig til saman 4200 km kraftliner.

I 2011 gjekk Sogn og Fjordane Energi inn med 20 millionar kroner i Selskapet Lefdal Gruve Drift AS, som har planar om datalagring i dei tidlegare olivingruvene i Lefdal.

SFE kjøpte i september 2011 seg inn i Lefdal Gruve Drift AS. Frå venstre styreleiar Egil Skibenes i Lefdal Gruve Drift AS og LocalHost AS , konsernsjef Ole Schanke Eikum i SFE, styreleiar Arvid Lillehauge i SFE og adm. direktør Sindre Kvalheim i LocalHost AS. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

SFE kjøpte i september 2011 seg inn i Lefdal Gruve Drift AS. Frå venstre styreleiar Egil Skibenes i Lefdal Gruve Drift AS og LocalHost AS , konsernsjef Ole Schanke Eikum i SFE, styreleiar Arvid Lillehauge i SFE og adm. direktør Sindre Kvalheim i LocalHost AS. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2013