Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Energi AS

Logoen til SFE. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Logoen til SFE. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

I 1968 skipa Sogn og Fjordane fylke sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk - seinare Sogn og Fjordane Energi.

Kraftsenteret Sandane

Selskapet har sidan hatt kontor på Sandane, med direktøren for den tidlegare kraftsamkøyringa på Vestlandet, Kåre Herland som første sjef. Vestlandske Kraftsamband vart på same tid avvikla.

Fallrettar og eigarskap samla

I SFE samla fylket alle sine eigarinteresser- og fallrettar til vassdrag i fylket:

Gjengedalsvassdraget er mellom vassdraga SFE sikra seg fallrettane i, men vassdraget vart verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjengedalsvassdraget er mellom vassdraga SFE sikra seg fallrettane i, men vassdraget vart verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

  • Gjengedalsvassdraget i Gloppen kommune-
  • Åskora og Øksenelvane (sjå Firdakraft) i Ålfoten i Bremanger kommune
  • Naustdalvassdraget i Naustdal kommune.
  • Osenvassdraget i Flora kommune.
  • Gaularvassdraget i Gaular og Førde kommunar.
- Sjå elles artiklar om Nyset/Steiggje-vassdraga (Andre fossekjøp i Årdal) og Leirdøla-utbygginga i Luster kommune, der fylkeskommunen har vore interessert i eigarskap og fallrettar.

Skogheim kraftverk i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skogheim kraftverk i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utbyggingar i SFE-regi

Sidan skipinga av SFE i 1968, har selskapet bygt ut eller har arbeidd med utbyggingsplanar i fylgjande vassdrag:

  • Åskoravassdraget vart bygt ut i 1971.
  • I Osenvassdraget i den delen som ligg i Gloppen kommune, vart Sagefossen og Skogheim kraftverk bygde i 1986-1987.
  • Mel kraftstasjon i Vetlefjorden i Balestrand kommune i 1989.
  • SFE er dessutan 30 prosent eigar av Fossheim kraftverk i Jølster, sett i drift i 1995.
  • Mel kraftverk i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Mel kraftverk i Vetlefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    SFE freista i lang tid å få regulert Gaularvassdraget i Sunnfjord, men dette vart varig verna i 1993. SFE har lenge arbeidd med reguleringsplanar for Naustdal- og Gjengedalsvassdraga, som har vore mellombels verna. Men vassdraga vart frigjevne i 2003 for å planleggje utbygging.

    Hovudkvarteret til SFE i bukta i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Hovudkvarteret til SFE i bukta i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Oppkjøp og endra eigarstruktur i SFE

    SFE tok i 1999 over det interkommuale selskapet Firdakraft. I 2000 tok SFE over Gloppen Elektrisitetsverk, og i 2002 Ytre Fjordane Kraftlag - YFK.

    Ole Schanke Eikum var konsernsjef i SFE fram til 2012. Foto: SFE.

    Ole Schanke Eikum var konsernsjef i SFE fram til 2012. Foto: SFE.

    Terje Gjengedal overtok som konsernsjef i 2013. Foto: SFE.

    Terje Gjengedal overtok som konsernsjef i 2013. Foto: SFE.

    I 2001 selde Sogn og Fjordane fylkeskommune 40 prosent av aksjane i SFE til BKK - Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap.

    SFE har i 2003 kring 200 tilsette, ei omsetning på 500 millionar kroner og nærare 1.200 millionar kroner i eigenkapital. Konsernet er den største energileverandøren i fylket innan ålmenn forsyning, og er delt inn i dotterselskapa SFE Produksjon, SFE kraft, SFE Nett og Firdanett.

    I 2006 skipa SFE dotterselskapet SFE Naturgass AS med adresse Sandane. Selskapet skal satse på sal av gass til private og næringsliv. Det har m.a. teke over LNG-anlegget til fiskeforprodusenten EWOS i Gunnhildvågen i Florø. SFE er også deleigar i vindkraftselskapet Vestavind Kraft AS som vart skipa av energiselskap på Vestlandet i 2005. I 2014 overtok Svelgen Kraft Holding alle aksjane i Vestavind Kraft AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2014