Sogn og Fjordane fylke
Sogn og Fjordane fylke vart skipa i 1763 og omfattar landskapa Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Fylkesstyringa er delt mellom eit statleg forvaltningsapparat med fylkesmannen som fremste leiar og Statens representant, og eit fylkeskommunalt forvaltningsnivå, der fylkestinget er øvste folkevalde organ og fylkesrådmannen øvste administrative leiar.
Både fylkeskommunens sentralleiing og dei fleste statlege administrasjonskontora ligg i Leikanger kommune. På desse sidene kan du lese den fargerike historia til Sogn og Fjordane fylke fram til i dag.
Fakta om Sogn og Fjordane
- punktvis oversikt.
Historia til Sogn og Fjordane fylke
- Dei første styreformene og fogderia
- Sogn og Fjordane fylke - eit resultat av heimlengt?
- Leikanger vert fylkesmannssete
- Eineveldig amtmann
- Folkestyre og fylkesting
- Utvikling av folkevalde organ og administrasjon
- Politiske parti og rørsler i Sogn og Fj
- Jordbrukshistoria og landbruksorg.
- Nærings- og arbeidslivsorg. i Sogn og Fj.
- Organisasjonar i Sogn og Fjordane
- Det norske forsvaret
- Sjukehusutbygginga i Sogn og Fjordane
- Skuleutbygginga i Sogn og Fjordane
- Fylket som skipsreiar og vegbyggjar
- Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane
- Fylkeskommunen som kraftprodusent
- Fylkeskulturkontoret
- Fylkeskulturprisen
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane
Største arbeidsgjevaren
Sogn og Fjordane fylkeskommune er i 2002 den største arbeidsgjevaren i eige fylke utanom Helse Førde: Totalt arbeider det 1.450 personar i administrasjon og ved fylkeseigde skular og andre institusjonar. Men fram til årsskiftet 2001/2002, då Staten tok over dei fylkeseigde helseinstitusjonane, var talet langt over det dobbelte. I helseinstitusjonane under Helse Førde arbeider det kring 1.800 personar – sjå Helse Vest.
Amtmann på eige initiativ
Nordre Bergenhus Amt vart skipa i 1763 fordi ein sogning så inderleg gjerne ville verte amtmann! I lang tid styrde amtmannen «nordfylket» frå Bergen. Sidan 1864 har fylkesadministrasjonen hatt tilhald i Leikanger. Men Sogn og Fjordane har ikkje vore like eins heilt sidan 1763: Les meir om tida då Nordfjord og Sunnmøre var eige fylke, og om folket i Gulen som lenge var hordalendingar!
Fylkeskommunen kom på bana
Fylkesmannen hadde ei svært sterk stilling i fylkesstyringa fram til det vart innført direkte val til fylkesting i 1975, og ein fekk eigen fylkesrådmann og heiltids fylkesordførar.
Les meir om utviklinga av fylkeskommunen, viktige arbeidsoppgåver og milestolpar - og ikkje minst om harde stridar og distriktsmotsetningar fram gjennom tida.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.08.2011