Hopp til innhold
X
Innhald

Sogns Bataljoner

Fana til Sogns Landværnsbatallion.

Fana til Sogns Landværnsbatallion.

I 1874 avløyste Viksmoen Lærdal som eksersisplass for Sogns Bataljoner. I øvingsvekene kunne det vere opptil 900 soldatar samla i Vik.

I 1889 vart 2. korps av Bergenske Brigade skipa. Frå 1893 hadde Viksmoen eigen militærmusikk, som kvar kveld om sommaren spela i hotellhagen ved Hopstock Hotell, der mange offiserar budde.

Til liks med Nordfjordeid (Eksersisplassen på Nordfjordeid) og Lærdal (Krigshistoria i Lærdal), fekk soldatane i Vik kost og losji hjå private i bygda. Når soldatane skulle vekkjast eller kallast saman, vart dette gjort med trommesignal frå «tamburar» som var plasserte på lett høyrlege stader i bygda.

Sjølve eksersisplassen låg på Hove, omlag ein kilometer opp frå fjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011