Hopp til innhold
X
Innhald

Soldatar gjekk straffefri

Ei gruppe slapp heilt unna straff for seksuelle eventyr: Offiserar, underoffiserar og soldatar fekk fritak for straff for «leiermål» utanom ekteskap, medan jentene framleis måtte tole straff og bortvising.

Ein kar frå Nordgulen, Jørgen Hansson, kom seg ustraffa unna eit eventyr på denne måten: I 1789 vart det reist legermålssak mot han for at han hadde «besovet» Anna Endsresdotter Slengsol. Men Jørgen kunne prove at han hadde vore matros i Kongens marine, og vart difor «for Bøder befriet».

Jenta straffa

Frå same garden vart derimot ei jente straffa i 1667 for å ha hatt legermål med soldaten Ola Olsson, som ikkje kunne straffast for det same.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.11.2008