Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivaren budde i Lavik og på Kyrkjebø

Gardshusa på Kyrkjebø, som var sorenskrivargard nokre få år på 1700-talet. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Gardshusa på Kyrkjebø, som var sorenskrivargard nokre få år på 1700-talet. Foto: Kjell Arvid stølen, NRK.

Vel to kilometer aust for Lavik ligg garden Ringreide. Denne garden var sorenskrivargard i 20 år på 1700-talet. I 1725 kjøpte sorenskrivar Oluf Hansen Giøe garden og budde der til 1745. I 1776 kjøpte Anders Torkelson Indre Oppedal (1752-1821) halvparten av garden og busette seg der. Han tok seinare Ringreide som slektsnamn, vart lensmann og ættefar til ei slekt som det kom mange lensmenn og ordførarar frå. Ein av desse var Mons A. Ringereide som i 1922 fekk skipa ein husmorskule i Lavik .

I 1762 busette sorenskrivar Ancher Anthoni Nansen seg på Kyrkjebø, fordi ektemaken hans, Petrica Johanna Leyrdal, hadde arva garden. Ho hadde gifta seg som 17-åring med Ancher Anthoni Nansen.

Då han døydde i 1765, var det også ute med sorenskrivartida på Kyrkjebø. Men enkja Petrica styrde Kyrkjebø til ho døydde i 1809.

Den store garden Kyrkjebø kom etter fleire eigarskifte i eiga til to menn frå Kvamsøy, Jon Linde og Anders Tennefoss. Dei delte garden mellom seg: Linde fekk halvparten av Kyrkjebø med Kyrkjeteigen og garden Tronvik. Tennefoss fekk garden Ljotebø lengst vest, pluss ein halvpart av Kyrkjebø. Begge fekk ein eigardel i kyrkja i bygda.

Våningshuset på Ljotebø, som Anders Tennefoss overtok. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Våningshuset på Ljotebø, som Anders Tennefoss overtok. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.09.2010