Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivaren budde lenge i Solvorn

Sorenskrivarhuset i Solvorn ligg idyllisk til ved fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sorenskrivarhuset i Solvorn ligg idyllisk til ved fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ved stranda i Solvorn ligg eitt av dei største herskapshusa i Sogn. Det har halvvalma tak, og er på 2 1/2 etasje. Dette er den gamle sorenskrivargarden i indre Sogn.

Sorenskrivaren i indre Sogn heldt til i Solvorn i over 150 år. Det var sorenskrivar og Eidsvolls-mann Lars Johannes Irgens som bygde det store herskapshuset frå 1814 til 1819. Han hadde då vore sorenskrivar sidan 1802, og budde i leigd hus på Loftesnes i Sogndal fram til han bygde i Solvorn - sjå: Sorenskrivargarden på Loftesnes.

På dette biletet ser vi sorenskrivarhuset lengst til venstre. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På dette biletet ser vi sorenskrivarhuset lengst til venstre. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Christiannelyst

Irgens kalla eigedomen i Solvorn opp etter ektemaken sin Christianna: Christiannelyst.

Embetet flytta til Sogndal att

Embetet flytta til Sogndal att

Sorenskrivaren i indre Sogn heldt til i Solvorn fram til 1965, då embetet vart flytta tilbake til Sogndal. Sorenskrivar og Eidsvoll-mann Irgens er heidra med ein minnekross i jern på kyrkjegarden i Solvorn.

Huset restaurert

I 1968 kjøpte fylkeslege Rolf Hegbom og ektemaken Torbjørg det gamle huset som då var litt til nedfalls. Dei har sidan gjennomført ei stor restaurering av det gamle herskapshuset på i alt 16 rom.

I tidlegare tider har sorenskrivaren i indre Sogn m.a. budd på garden Talle i Luster, Eide i Skjolden og i Kroken - sjå: Adelsgardane i Luster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011