Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivargard på Sande

Sandestova på garden Instevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandestova på garden Instevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På garden Instevik på Sande på sørsida av fjorden står minnesteinen etter den kjende toneskalden og folkeminnesamlaren Olav Øysteinson Sande. På denne garden finn ein også ”Sandestova”. Huset er datert til 1697.

Mellom 1818 og 1834 vart Sande nytta som embetsgard for sorenskrivaren i ytre Sogn. Han heitte Peter Boerthman Voss. Det er uklårt korleis Voss nytta Sande i si embetstid, for han hadde nemleg kjøpt offisersgarden Lovisendal i Brekke (sjå Gulen kommune) i 1814 og budde der heilt til han fekk eit anna embete i 1825 og reiste frå Sogn.

Det er mest truleg at ”Sandestova” på Sande vart nytta som bustad og kan hende rettslokale av sorenskrivaren når han hadde embetsgjerningar så langt aust i fjorden. Det var to menn frå Aurland som pakta Sande i dei åra som garden vart leigd ut som embetsgard til sorenskrivaren.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2009