Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivargardane i Fjaler

Yksnebjør i 1905. © Fylkesarkivet.

Yksnebjør i 1905. © Fylkesarkivet.

Sorenskrivarembeta vart skipa i 1591. Den første sorenskrivaren i Sunnfjord heitte Peder Jørgensen og er nemnt i 1625. Kvar han budde veit ein ikkje sikkert. Men truleg budde han på Fure, som på den tida var futesete.

Åra mellom 1637 og 1649 budde sorenskrivaren Lauritz Mikalson Bugge i Sørbøvåg (sjå: Overklassen budde i Hyllestad), der han eigde gard.

Busett på Yksnebjør

I 1649 busette sorenskrivaren seg i Dale. I 1701 veit ein at sorenskrivar Hans Schwartzkopf eigde garden Yksnebjør i Dale. Han budde på garden til 1727.

Sorenskrivaren hadde tilhald i Førde mellom 1727 og 1745. Då vende sorenskrivaren tilbake til Dale, og vart buande der til 1852, då embetssetet flytta til Førde (sjå: Større offentlege institusjonar i Førde), der det har hatt tilhald sidan.

Den kjende opplysningsmannen og juristen Hans Arentz vart sorenskrivar i Sunnfjord i 1762. Han kjøpte den nedre delen av Dale gard i 1765 og busette seg der. I tillegg åtte Arentz m.a. ein stor del av Steia gard i Dale, der Nikka Vonen seinare dreiv den kjende jenteskulen sin. Arentz vart gjennom inngifte i futeslekta Nagel på Svanøy og ved auksjonskjøp elles, stor jordeigar i ytre Dalsfjorden.

Nils L. Landmark vart sorenskrivar i Sunnfjord, kjøpte han garden Tysse (Storgarden Tysse) og busette seg der i 1809. Han var sorenskrivar til 1852, og sidan har Førde vore sorenskrivarstad.

Steia gard, som Hans Arentz eigde ein del av. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steia gard, som Hans Arentz eigde ein del av. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011