Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivargarden på Loftesnes

Hovudbygningen frå 1776 på Loftesnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen frå 1776 på Loftesnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eitt av dei vakraste og velproporsjonerte husa i Sogn og Fjordane frå 1700-talet, er den gamle sorenskrivarbustaden ved Loftesnessundet.
Huset tente fram til 1816 som bustad for sorenskrivaren i indre Sogn. Det har også tent som skulebygg for Storms private jordbruksskule i Sogndal og Sogndal folkehøgskule, og i nyare tid som ungdomsherberge og pensjonat. Huset vart freda i 1920.

Herskapshus frå 1776

Det gamle tunet på garden stod på ein haug bak herskapshuset. Desse husa vart rivne då sorenskrivar Michael Fleischer (1747-1814) kring 1776 bygde det store huset nærare sundet.

Huset har pannedekt valmtak over to fulle etasjar. Mot sundet er det fløydører ut mot trapp og veranda. Innanfor verandaen i 2. etasje finn vi ein stor festsal med mønsterlagt golv og dekorasjonar i taket. Dei store vindomnane i stovaroma står som dei gjorde på 1700-talet. Fleischer hadde sju tenestefolk på garden.

Loftesnes-garden var i 1772 makeskifta frå Stein Nilsson Ølnes av forgjengaren til Fleischer, sorenskrivar Søren Shielderup.

Loftesnes sett frå Loftesnesbrua. i framgrunnen kaia der ferja over sundet la til før brua vart bygd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Loftesnes sett frå Loftesnesbrua. i framgrunnen kaia der ferja over sundet la til før brua vart bygd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eidsvoll-mann budde på Loftesnes

Eidsvoll-mann budde på Loftesnes

Den seinare Eidsvolls-mannen Lars Johannes Irgens avløyste Fleischer som sorenskrivar i 1803. Han busette seg i det store huset på Loftesnes, men leigde det av Fleischer som framleis åtte garden og huset. I 1816 flytta sorenskrivar Irgens til Solvorn der han bygde ein ny, staseleg sorenskrivarbustad - Kristianelyst - oppkalla etter ektemaken Kristianna.

Fest og svir på Loftenes

Broren til sorenskrivar Irgens, Hartvig Irgens (1786-1871), flytta no inn på Loftnesnes. Han vart gift med dotter til «gamleskrivaren» Fleischer, og dei fekk skøyta på garden i 1812. Han vart også postopnar i Sogndal, og forlikskomissær.

Men han førte også eit raust selskapsliv i den vakre bygningen på Loftnesnes. Det vart fortalt at han ikkje skydde å slakte krøter i den beste beitetida på fjellet for å kunne by gjestane sine ferskt kalvekjøt. I den vakre festsalen kunne Sogndals-sosieteten ture og feste i dagevis. Men dette vart etter kvart ein livsførsel oven evne. Det gjekk som det måtte gå: Hartvig Irgens mista vervet som forlikskomissær, og postkontoret vart teke frå han og flytta over til Sogndalsfjøra.

I 1869 gjekk Loftesnes under hammaren. Den nye eigaren vart bondesonen Eirik Ofredal, som kom frå Årdal. Sidan har denne slekta rådd på Loftesnes.

Loftesnes-huset var skulebygg

Dei første åra etter at Sogndal folkehøgskule vart skipa i 1870, leigde skulen rom i Loftesnes-huset. Før det hadde Martin Luther Storm drive ein privat jordbruksskule der. I nyare tid har huset m.a. vorte nytta som ungdomsherberge og pensjonat, starta av Martinus Loftesnes.

Loftesnes gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Loftesnes gard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011