Hopp til innhold
X
Innhald

Spedalsksjuka - lepra

Lepra – eller spillsykja som den vart kalla på folkemunne – var den store farsotten på Vestlandet fram til bergenslegen Armauer Hansen oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1873, og ein fekk bukt med sjukdomen. Før den tid trudde legane at sjukdomen m.a. skuldast arv.

Etter folkeleg tru skulle det å ete rå fisk vere sjukdomsframkallande. Årsaka til denne overtrua om rå fisk skreiv seg frå at sjukdomen var mest utbreidd i fiskeridistrikta vestpå.

Kring 1850 fanst halvparten av alle spedalske i Norge på strekninga mellom Bergen og Møre. I Kinn var det 90 spedalske, og 72 i Askvoll. I 1857 vart det talt 109 spedalske i Førde prestegjeld: I Førde sokn var det 26 spedalske, i Naustdal 58, og Vevring 25. Med andre ord var 3 % av folket i desse Sunnfjord-bygdene smitta av leprabasillen. I Gaular vart det i 1865 registrert 35 spedalske.

Hang saman med levemåten

Grunnen til at lepraen hadde slik utbreiing i dei kystnære distrikta på Vestlandet mellom Bergen og Møre, hadde truleg samanheng med måten folk budde og levde på her.

Det var vanleg å koke uvaska og ureinska poteter og usløgd fisk i same gryta til middag, fortel Sundt.

Sosiologen Eilert Sundt fortel at folk midt på 1800-talet framleis delte plassen dei små stovene med både gris og høns som gjekk fritt omkring i huset! I Sunnfjord, skriv Sundt, var dei noko meir reinslege enn i Nordfjord: Medan nordfjordingane knapt visste kva ein sopelime og ein badestamp skulle brukast til, så var det vanleg at sunnfjordingane lauga seg ein gong i året før jul - og feia stovegolvet og forgangen for hønseskit og bos eit par gonger i året!

Det var vanleg å koke uvaska og ureinska poteter og usløgd fisk i same gryta til middag, fortel Sundt.

Vart skild frå spedalsk kjærast

På 1600-talet les vi at eit kjærastepar frå Gryta vart råka hardt av spillsykja: Pål Andersson og Helga Andersdotter var trulova. Men i 1619 kravde stefaren til Helga at trulovinga med Pål måtte opphevast fordi Pål hadde vorte spedalsk. Truloving var på den tida mest jamgodt med giftarmål. Skulle trulovinga verte kjent til inkjes, så måtte det avgjerast av Bergen Domkapitel, og der fekk Helga og stefaren medhald.

«De levende døde»

«De levende døde»

For å få bukt med sjukdomen vart det bygt etter måten store leprasjukehus i Bergen - først St. Jørgen Hospital - seinare Lungegården. St. Jørgens Hopsital låg då det vart bygt like ved bygrensa. Institusjonen var meir eit isolat enn eit sjukehus.

Dei som vart sende hit, vart rekna som «de levende døde», og det var vanleg å lese sjelemesse (gravferdsritual) for dei før dei hamna innanfor porten på hospitalet.

Her inne levde pasientane heilt isolert frå verda utanfor. Dei hadde m.a. eigne verkstader og kyrkje.

Spillsykja kjem under kontroll

Spillsykja kjem under kontroll

Men midt på 1800-talet skjedde det eit gjennombrot i kampen mot spillsykja. Då kom det nye og sterke mikroskop. I 1873 oppdaga Bergens-legen Armauer Hansen årsaka til sjukdomen: Leprabasillen.

Armauer Hansen hadde m.a. studert sjukdomsutviklinga for mange spillsjuke her frå fylket m.a. med opphald i Florø. Han avliva med oppdaginga si mykje gamal overtru om at spillsykja var ein Guds straffedom over syndige menneske. Den var heller ikkje arveleg, slik mange trudde, men smittsam.

Etter at Armauer Hansen hadde oppdaga leprabasillen under mikroskopet, fann ein på kort tid medisinar og kurar mot sjukdomen. Ein sette også i gang opplysningskampanjar for å auke reinsemda, og ikkje minst auka reinsemd og bruk av isolat for dei sjuke slik at dei ikkje auka smittefåren, gav ei radikal betring.

Frå lepra-kamp til tuberkulose-kamp

Innan få år vart sjukesalane på leprasjukehusa i Bergen tømde. St. Jørgens Stiftelse hadde bra med midlar, og såg seg rundt etter nye oppgåver. Og dei mangla ikkje. For av ein eller annan grunn så fekk ein nett på denne tida i siste halvdel av 1800-talet ei enorm oppblomstring av ein ny folkepest - tuberkulosen.

Etter kvart vart Lyster Sanatorium bygt. Les meir om kampen mot tuberkulosen under Lyster Sanatorium - Harastølen.

Nett då ein tok til å få kontroll med spillsykja, breidde tuberkulosen seg som ei svart farsott over heile landet. Sjukdomen spreidde mykje sorg og tragedie, fordi den helst råka barn og ungdom. Kring 1900 var tuberkulosen skuld i nærpå fjerdeparten av alle dødsfalla i Noreg, og halvparten av dei døde var mellom 15 og 40 år. Ofte vart heile huslydar utrydda av tuberkulosen - eller tæringa - som den vart kalla fordi den åt opp vevet - spesielt i lungene.

Etter kvart vart Lyster Sanatorium bygt. Les meir om kampen mot tuberkulosen under Lyster Sanatorium - Harastølen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2012