Hopp til innhold
X
Innhald

Spelet kring Nyset-Steiggje-vassdraga

Kraftlina som syter for at straumen frå Nyset-Steiggje kjem til eigarane på Austlandet. På andre sida av dalen ser vi litt av Storevatnet, som er eitt av dei regulerte vatna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Striden kring Tyin-krafta etter 2. verdskrig viste at folk i Sogn og Fjordane var villige til å kjempe hardt for å sikre vasskrafta i fylket til utbygging av lokal industri.

I eit næringsfattig fråflyttingsfylke var storindustristadane Årdal, Høyanger og Svelgen lysande unntak. I det 20. hundreåret har politikarane i Sogn og Fjordane sett på kraftutbyggjing som den viktigaste grunnsteinen for vekst og utvikling ved sida av vegbygging.

Riskalsvatnet før Nyset-Steiggje-utbygginga, sett frå søraust. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Riskalsvatnet før Nyset-Steiggje-utbygginga, sett frå søraust. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Ingen andre «kraftfylke» kan vise til tilsvarande lokal velvilje til kraftutbygging som Sogn og Fjordane. Sentrale vedtak om vassdragsvern har alltid skjedd til sterke protestar frå lokale politikarar.

Då ÅSV på 1980-talet fekk byggje ut Nyset-Steiggjevassdraga i Årdal, spela konsernet medvite på den lokale velviljen til kraftutbygging som skulle sikre lokale arbeidsplassar: Nysetvassdraget i Naddvik var opphaveleg kjøpt av fossespekulanten Ragnvald Blakstad, som skipa A/S Nyset i 1910. Han selde seinare til industrimannen konsul Harald Larsen. Frå A/S Nyset kjøpte ÅSV vassdraget i 1955. Steiggjevassdraget ved Årdalsvatnet kjøpte ÅSV frå lokale eigarar.

Riskalsvatnet etter utbygginga, sett frå nordvest (Munkane). Ved å sjå på anleggsvegen på dette biletet og biletet over får vi eit inntrykk av kor mykje vatnet er demt opp. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

ÅSV søkte konsesjon for regulering av Nyset-Steiggje i 1980. Men for at ÅSV skulle få kontroll med utbyggjinga, måtte fylket seie frå seg forkjøpsretten. Dei la press på politikarane med å hevde at utbygginga var avgjerande for å få til ei modernisering av Årdal Verk og sikring av arbeidsplassane der. Men ÅSV hadde noko anna på lur: Dei ville også selje ein del av krafta til Østfold og Akershus.

Frå kraftstasjonen nede i Vikadalen går krafta i line over fjellet i bakgrunnen til Årdalstangen og vidare austover. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå kraftstasjonen nede i Vikadalen går krafta i line over fjellet i bakgrunnen til Årdalstangen og vidare austover. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

For å sikre at Nyset-Steiggje-krafta vart brukt i Årdal, rådde fylkesrådmann Svein Lundevall til at fylket brukte forkjøpsretten. Han ville at Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) skulle byggje ut og så leige bort straum til Årdal Verk. Men sterke fylkespolitikarar, energidepartementet og NVE ville det annleis. Frå sentralt hald vart det sterkt rådd frå at fylket brukte forkjøpsretten. Fylkesrådmannen sitt framlegg vart nedstemt i fylkestinget. I ei memoarbok frå 1999 skriv Lundevall at ÅSV truleg brukte sine kontakter i riksstyret for å få synet sitt gjennom.

Kraftutbygginga tok vatnet frå Smørholefossen, som var eit majestetisk syn med sitt rundt 180 meter høge frie fall. No renn vatnet inn i ein tunnel nokre hundre meter over stupet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stortinget gav konsesjon i 1981. Utbyggjinga av Nyset-Steiggje kosta 1,2 milliardar kroner då kraftverket stod ferdig i 1987. I mellomtida hadde Norsk Hydro teke over, og hevda at dei ikkje hadde bruk for krafta i Årdal. I 1989 selde Hydro heile kraftanlegget til Akershus Energiverk og Østfold fylke med tap for 970 millionar kroner.

I Årdalsfjorden, like vest for Naddvik, lagar vatnet frå kraftverket ein kraftig straum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Årdalsfjorden, like vest for Naddvik, lagar vatnet frå kraftverket ein kraftig straum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 22.02.2019