Hopp til innhold
X
Innhald

Spidda mor og barn med kården

Til soldaten Absalon Bentson Drageset (1691–1754) i Innvik knyter det seg ei grufull soge frå 10-årskrigen mot svenskane tidleg på 1700-talet:

Som soldat trengde han og kameratane seg inn i eit hus i Sverige. I senga låg ei kvinne med eit nyfødd barn. Då soldatane var på veg ut, skaut kvinna etter dei utan å råke. Då gjekk Absalon innatt, la det nyfødde barnet på magen til mora og spidda begge med kården.

Det vert elles fortalt at Absalon drap ein svensk soldat med berre nevane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.11.2008