Hopp til innhold
X
Innhald

Staten stor skogeigar

Flekkevassdraget ved osen. Her var det tømmerfløyting i eldre tid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flekkevassdraget ved osen. Her var det tømmerfløyting i eldre tid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vest for vatna i Flekkevassdraget er Staten stor skogeigar. Ein stor del av skogen kom i 1850 i dansken Christian F. Lange sine hender, og mykje av statsskogen vart kjøpt frå Lange kring 1875. Staten tilsette eigne tilsynsmenn for skogane sine i Flekke.

Tømmerfløyting

Flekkevassdraget vart i eldre tider brukt til tømmerfløyting, der tømmeret vart drege som store flåtar over vatna. Ved elveosen måtte ein passe på å fløyte tømmeret ut når det var flo sjø, elles vart straumen så sterk at ein ikkje fekk samla tømmeret før det rak ut fjorden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.10.2010