Hopp til innhold
X
Innhald

Statens forsøksstasjon for frukt på Njøs

I 1919 løyvde Staten midlar til innkjøp av ein høveleg Vestlands-gard der ein kunne drive forsking og utvikling av fruktsortar. Valet fall på ein gard på Njøs ved Hermansverk, etter at Landbruksdepartementet hadde vurdert 19 ulike alternativ frå Ryfylke til Nordfjord.

Då Staten overtok, var fire dekar av garden tilplanta med ein gamal frukthage. I 1922 vart også grannegarden (Nagelgarden) kjøpt til føremålet. Her var det planta 600 frukttre. Til saman fekk forsøksgarden no 70 dekar innmark.

Seinare vart også andre gardar leigde, og tatseigedomen «Fylkesmanngarden» på Systrond vart teken i bruk som forsøksareal for forskingsgarden på Njøs. Per Stedje (1884-1944) vart tilsett som leiar på forsøkgarden og sat i stillinga til han døydde 1944, då Erling Kvåle overtok til 1966.

Forsøksgarden pionér i fruktavlen

Forsøksgarden driv forsking og utvikling av nye frukt og bærsortar, og har gjort viktige framsteg i utvikling av meir intensive dyrkingsmetodar og lagringsmetodar for frukt.

I 1992 vart forsøksgarden på Njøs lagt under Ullensvang forskingsstasjon i Hardanger. I 2006 vedtok styret i Bioforsk at forskingsstasjonen på Njøs skal leggjast ned.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015