Hopp til innhold
X
Innhald

Statkraft med regionadministrasjon i Gaupne

Administrasjonsbygningane til Statkraft i Gaupne. Her arbeider kring 40 personar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Administrasjonsbygningane til Statkraft i Gaupne. Her arbeider kring 40 personar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sidan 1954 hadde Statkraft vore engasjert i Sogn - først ved den store utbygginga av Vikfalli i Vik. Der vart kraftanlegga bygde ut i fleire etappar fram til 1967. Styringssentralen for Vikfalli låg då i Vik.

I 1987 slo Statkraftverk saman administrasjonen og styringa av Vikfalli med anlegga sine i Leirdøla og Jostedalen til Breheimverkene, som fekk administrasjonskontor og styringssentral i Gaupne.

Deling

I 1992 vart Statkraft gjort om til såkalla statsføretak, og produksjonsdel og nettdel vart delt. I eit par års tid etter omskipinga administrerte Breheimsverkene i Gaupne kraftverka som selskapet eigde i Luster, medan Vikfalla vart styrde frå ein sentral i Sauda.

Statkraft Region Midt-Norge

I 1994 vart så Statkraft Region Midt-Norge skipa med hovudkontor i Gaupne, leia av regiondirektør Dag Smedbold. Dette kontoret har styringsansvaret for alle Statkraft sine kraftanlegg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal - herunder vindmølleparken på Smøla og store kraftanlegg kring Sunndalsøra og Trollheimen lengst i nord. Frå 1998 kom også kraftstasjonane i Høyanger under Statkraft-kontoret i Gaupne.

Regionkontoret i Gaupne sysselset i 2003 40 personar, og i Region Midt-Norge er det 120 årsverk.

Les meir: Kraftutbygginga i Luster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011