Hopp til innhold
X
Innhald

Steinmurane i Gulen

Mons E. Takle legg opp steingjerde på Midt-Takle kring 1915. Foto: Botolv H. Tynning. © Fylkesarkivet.

Mons E. Takle legg opp steingjerde på Midt-Takle kring 1915. Foto: Botolv H. Tynning. © Fylkesarkivet.

Eit særmerke ved byggeskikken i Gulen, er dei mange steinmura husa og steingjerda. Det var ikkje uvanleg å nytte gråstein som byggemateriale i t.d. løbygningar. Då brukte ein stein heilt opp under mønet. Slik vart også mange sjøbuer og naust bygde, og jamvel ein del bustadhus.

Steinmura hus i Leversund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinmura hus i Leversund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eit steinmura hus som vekte oppsikt vide omkring, var fjøset - «koestalden» - til Otte Olsson Byrknes på øya Koksøy. I 1778 hadde han bygt eit steinfjøs som målte 14 x 6 meter. Kring Eivindvik kan ein enno sjå den enorme steinmuren på 2000 meter som prost Niels Griis Alstrup Dahl fekk lagt opp kring innmarka på prestegarden.

På garden Midtun i Eivindvik står framleis eit steinmura uthus frå 1885 som måler 20 x 9 meter og er 10 meter høgt. I huset er det berre nytta jordbroten stein - dvs. stein som ikkje er skoten ut i steinbrot. Dugande murarar frå Gulen var også med på store muringsarbeid på m.a. jernbane- og kaianlegg andre stader i landet.

Steinmuren rundt prestegarden i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinmuren rundt prestegarden i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.08.2010