Hopp til innhold
X
Innhald

Store industriplanar i Gaupne

Gaupne ville ha vore ein vesentleg større tettstad dersom planane om ei stor industriverksemd hadde vorte røyndom på 1970-talet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gaupne ville ha vore ein vesentleg større tettstad dersom planane om ei stor industriverksemd hadde vorte røyndom på 1970-talet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Lokalt i kommunen argumenterte særleg dåverande ordførar Anders Bjørk for varige arbeidsplassar i byte mot kraft. Det første resultatet av dette kravet var at «Indre Sogn-utvalet» vart skipa vinteren 1972. I utvalet sat folk frå fylket, kommunen og Årdal og Sunndal Verk (ÅSV).

Generaldirektør Onar Onarheim i Akergruppen var på den tida styreformann i ÅSV, og slik vart konsernet hans også kopla inn i arbeidet med å skaffe Luster varige industriarbeidsplassar. Kommunen såg ut til å lukkast langt på veg då Akergruppen melde seg interessert i å starte oljeretta industri i Gaupne. ÅSV skulle også eige ein part i den nye verksemda.

Ein kom også så langt at industriselskapet Luster Industrier A/S vart skipa. Ein del av aksjekapitalen frå Akergruppen og ÅSV vart nytta til opparbeiding av eit 200 dekar stort industriområde på Grandane i Gaupne. Området vart fyllt opp og planert med tunnelmasse frå Leirdøla-anlegga. Her var det så planen å byggje store stålseksjonar til oljeplattformer. Planen var å byggje opp ei verksemd som på kort tid kunne gje arbeid til 240-320 personar.

Det var også på tale setje av ein del areal langs elva for ein småflyplass.

Det vart aldri storindustri på Grandane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Det vart aldri storindustri på Grandane. Foto: Arild Nybø, NRK.

Industridraumen brast

Men Akergruppen kom korkje til Gaupne eller til Førde der det også var på tale starte ein motorfabrikk nokre år tidlegare - sjå: Vekstsenteret Førde.

Akergruppen sine planar i Gaupne vart skrinlagde - delvis som fylgje av nedgangstider i verftsindustrien samstundes som ein fekk ei sterk overetablering av verft og anlegg som satsa på stålkonstruksjonar til oljefelta.

I 1975 kasta Akergruppen korta og melde pass i Gaupne-prosjektet. I staden vart det digre industriarealet på Grandane stykka ut til mindre versksemder som ville etablere seg der - m.a. LMI - Luster Mekaniske Industri. Kommunen bygde også nokre industribygg til utleige på området. - Men sjølv om det med åra har grodd opp annan aktivitet på det 200 dekar store arealet, er det framleis langt fram til ein oppfyller draumane frå 1970-talet, då ein såg føre seg ein liten «industriby» i Gaupne med fleire hundre arbeidsplassar.

Les meir om Jostedals-utbygginga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011