Hopp til innhold
X
Innhald

Store tre i Luster

Eit døme på tre med kraftige dimensjonar i Luster. Foto: Per Birger Lomheim.

Eit døme på tre med kraftige dimensjonar i Luster. Foto: Per Birger Lomheim.

På garden Kvåle i Luster står det ein kjempestor alm. Den vart alt i 1873 omtala som eit kjempetre: 17 meter høg, og ein meter over bakken målte den fem meter i omkrins.

Treet på Kvåle stod framleis i 2003. Det er noko amputert - men måler åtte meter kring rota!

Store almetre i Kroken

I Kroken stod det i 1860-åra nokre kjempestore almetre. Det høgste målte 26 meter. I 1861 vart det hogge ein alm på garden som målte 5,6 meter rundt stammen 2,5 meter opp frå rota.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.04.2011