Hopp til innhold
X
Innhald

Storfolk på Fimreite

Sjølv om sjøbukta ved Fimreite vart vald som valplass for slaget mellom Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson i 1184 ( Slaget ved Fimreite), er det ingen spor som tyder på at bygda var sete for storfolk før på 1500-talet. Då er Fimreite eigd av folk med røter i den norske adelen.

I 1563 finn vi «Sjur på Fimreite» som eigar av garden. Seinare på 1500-talet - fram til ca. 1585 - var Torbjørn Gauteson Dal storbonde på Fimreite. Han høyrde til den gamle norske adelsslekta Dal. Han skatta for ei landskyld som svarde til storleiken på ti-tolv gjennomsnitts bondebruk på den tida, og eigde gardar også i andre Sognebygder - m.a. Fresvik.

Ei dotter til Torbjørn Gauteson Dal, Gudrun, vart gift med futen Jens Pederssøn Holst, som frå 1584 bygsla storgarden i Kaupanger og som seinare også fekk hand om storgarden Stedje.

Baron på Fimreite?

Ei gamal segn seier at ein baron var busett på Fimreite kring 1600. Dette kan vere Torbjørn Gauteson Dal. Han var gift med dottera til storbonden på Slinde.

Sonen deira, Gaute Torbjørnsson, var god ven med adelsmannen Jørgen Krukow i Kroken i Luster. Når Krukow kom på gjesting til Fimreite ville han bu standsmessig. Han fekk difor bygd seg ei eiga stove på Fimreite i 1594. Denne vart seinare kalla Fimreitebui, men også «Baronbui».

Fimreitebonden krangla med presten

Gaute Torbjørnsson let seg elles ikkje skubbe på når presten i bygda, Mikkjel Mikkjelson, brukte preikestolen til å rakke ned på folk han kjende. Då tok Gaute like godt att mot presten nede frå kyrkjebenken sin, og det som skulle vere ei åndeleg preike, utvikla seg difor ofte til ein skikkeleg krangel i den vesle kyrkja!

Mikkjel prest bar nag til Gaute for dette, og freista fleire gonger å stemne han for retten. Han lukkast i 1603, då Gaute måtte møte til forhøyr på lagtinget i Bjørgvin.

Nokre år seinare var det Gaute sin tur til å hemne seg på presten. 2. pinsedag i 1609 stilte han seg opp ved kyrkjedøra og lest som han ville skyte presten når han kom. Korleis det gjekk seinare, er ukjent, men presten overlevde i alle høve det fingerte «attentatet»!

Les meir om: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.11.2008