Hopp til innhold
X
Innhald

Storfolk på Ytre Hafslo

Garden Kvam på Ytre Hafslo har truleg vore adelsgard.  Grunneigaren Tom Idar Kvam jobbar med rundballepressing. Den skogkledde holten, rett til venstre for traktoren  er Lagmannshaug. Etter segn har det frå gamalt av vore lagting her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Kvam på Ytre Hafslo har truleg vore adelsgard. Grunneigaren Tom Idar Kvam jobbar med rundballepressing. Den skogkledde holten, rett til venstre for traktoren er Lagmannshaug. Etter segn har det frå gamalt av vore lagting her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I den islandske Landnåmaboka vert det fortalt at Aud den djupaugde kom til Island på 800-talet og rudde seg gard. Denne garden kalla ho Kvam. Dette gardsnamnet finn ein både i Aurland, Sogndal og i Hafslo.

Historikaren Arne Kvitrud ser det ikkje usannsynleg at garden på Island vart kalla opp etter stormannssetet på Kvam på Ytre Hafslo, og at Aud ætta derifrå.

Den mest kjende adelsmannen som budde på Kvam var Eystein Mugga, som budde der kring 1300. Samstundes budde ein annan adelsmann på garden Ytre-Kvam. Han heitte Paul Anfinsson.

Kvam viser også att som eit stormannssete seinare på 1300-talet, då ei lågadelskvinne som heitte Birgitte Bårdsdotter budde på garden. Ho eigde også garden Kvamme i Borgund.

Kvams-ætta eigde elles i garden Lomheim og gardar i Sogndal, Eitorn i Leikanger og Jevnåker i Lærdal. Kvams-ætta kverv ut av Sogne-soga frå 1480.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.03.2011