Hopp til innhold
X
Innhald

Storgarden Tysse

Lillingstonheimen på Tysse. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lillingstonheimen på Tysse. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Med vidt utsyn over Dalsfjorden, like vest for munningen til Flekkefjorden, ligg garden Tysse. Her heldt den vidgjetne Landmark-slekta til, og deira epoke vart avløyst av den engelske presten Claude Lillingston, som kjøpte Tysse i 1880 og slo seg ned der.

Sidan har herskapshuset på Tysse vorte kalla Lillingstonheimen. Huset er freda og eigd av Fjaler kommune, og både hus og inventar er teke vare på som kulturminne. Like aust for Tysse-garden ligg garden Leitet, som også er nær knytt til Landmark-slekta.

Tysse eigd av futen Nagel

Heilt frå 1300-talet har det budd velstandsfolk på garden Tysse. Frå 1626 til 1697 høyrde garden til adelsfamilien Rosenkrantz i Bergen. Etter eit par eigarskifte, fekk futen Hans Thiis Nagel hand om Tysse kring 1740. Nagel budde då på den gamle futegarden Fure ute ved kysten, men flytta og kjøpte Svanøy-godset i 1749. I 1742 selde han Tysse-garden til sersjant Trude Christenson Nitter. Nitter-slekta eigde Tysse-garden frå 1742–1809, då den vart seld til var i sorenskrivar Nils L. Landmark.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2016