Hopp til innhold
X
Innhald

Storgarden Vik

Vik slik garden såg ut i 1910 Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

Vik slik garden såg ut i 1910 Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

Storgarden Vik like vest for Stryn sentrum var tidleg på 1800-talet ein av dei største i Nordfjord, for eigarane åtte også gjennom arv store eigedomar på Visnes og i Markane, på Davik, og 18 gardar på Sunnmøre. Garden har ei spanande og dramatisk soge:

Vann storgarden Vik etter tjuverisak

Heleri kunne dømast hardt i gamle dagar. Til og med dødsstraff vart brukt. I 1582 måtte Jartrud Engelbregtsdotter, som var eigar av storgarden Vik i Stryn, gje frå seg gard og grunn til borgaren Jens Pederson. Grunnen var at ein av tenarane på garden hennar, Henrik Povelson, hadde stole litt smør og eit tøystykke frå borgaren Jens Pederson. Retten fann at Jartrud hadde hjelpt til med å gøyme tjuvgodset på heimegarden sin.

Sjølv hevda ho å ha gjort dette utan å vite at det var stole frå Jens Pederson. For å sleppe endå hardare straff, gjorde Jartrud og borgar Jens Pederson forlik om at han skulle overta storgarden hennar. Tre menn vitna denne avtalen.

Tjuven sjølv vart avretta. Men før øksa fall, hadde Henrik Povelson forklart for tre prestevitne at Jartrud ikkje var medskuldig, og at det var urettvist at ho vart dømd frå gard og grunn for noko som ho ikkje hadde gjort.

Etter dette tok Jartrud og sønene oppatt saka og kravde storgarden Vik tilbake. Ho fekk støtte frå slottsherren på Bergenhus, Nils Bildt, på at avtalen om gardsoverdraginga var ulovleg. Men sidan Jartrud berre hadde den dødsdømde tjuven som vitne på at ho var skuldlaus, heldt ikkje dette for lagretten, og Jartrud måtte tole å sjå seg dømd frå gard og grunn for alltid.

Vik vert futesete

Borgar Jens Pederson vart ein aktiv eigar av Vik. Garden eigde mykje skog og gode fiskerettar, og Jens bygde sag og dreiv handelsbu. I tillegg kjøpte Jens opp mykje jord i tillegg til å slå under seg gardar frå folk som ikkje kunne gjere opp for seg for varer som dei hadde kjøpt.

Jens Pederson vart etter ei tid utnemnd til fut i Sunnfjord. Han døydde i 1598, og sonen Jens Jensson tok over futeembetet etter faren eit par års tid. Enkja etter Jens Jensson vart oppattgift med borgaren Nils Nilsson som tidleg på 1600-talet er registrert som den største jordeigaren i Nordfjord. (Også på Arne-bruket i Loen-tunet budde Nordfjord-futane Peder Jørgenson og Jørgen Post på 1620–1630-talet. Ein kjellar på Arne-bruket vart kalla Futekjellaren).

Frå siste halvdel av 1700-talet til midt på 1800-talet var det ætta til Ola Arneson Vik som eigde storgarden. Sonen Peder Olson Vik (1782–1875) auka jordegodset mykje då han i 1814 gifta seg med ei dotter til borgar Ola P. Tonning som eigde den andre storgarden i Stryn.

Hovudhuset på Vik stod først på Davik i noverande Bremanger kommune, men vart i 1845 kjøpt av Ole Vik og flytta til Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudhuset på Vik stod først på Davik i noverande Bremanger kommune, men vart i 1845 kjøpt av Ole Vik og flytta til Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Claus Frimann-huset frå Davik til Vik

På garden står i dag eit vakkert hus i to etasjar med halvvalma pannetak. Dette vart i si tid reist av diktarpresten Claus Frimann på Davik. Då sonen hans, Peter Harboe Frimann, døydde i 1845, kom det til auksjon. Det var den rike jordeigaren Ole Vik i Stryn som fekk tilslaget både på hus og gard på Davik.

Ole Vik reiv det staselege herskapshuset på Frimannslund og flytta det til Vik i Stryn, der det framleis vert halde godt ved like av eigarane. I tillegg åtte Ole Vik Olden-kyrkja. Eigarane på Vik låg støtt i strid med folket på storgarden Tonning om eigedomar, handel og mangt anna.

Første sportsfiskaren i Stryn, Mr. James Cowan budde fast på storgarden i Vik. Då eigaren Ole Vik gjekk fallitt etter å ha garantert for ein slektning i Ålesund, vart det meste av det kostesame innbuet selt på auksjon. Ei stor sølvkanne drog til England med Mr. Cowan! Den store sandøyra utanfor Vik gard er no fylt opp og brukt m.a. som næringspark.

Gardstunet i Vik i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gardstunet i Vik i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.03.2011