Stort underslag i fiskeindustrien

I 2001 vart leiaren av det tilsynelatande framgangsrike eksport- og oppdrettselskapet OK-Fish Kvalheim, Jarle Kvalheim, teken i omfattande svindel og momsunderslag for til saman 330 millionar kroner.
Dette var til då ei av dei største økonomiske kriminalsakene i Noreg. Jarle Kvalheim vart dømd til sju og eit halvt års fengsel. Også ektemaken fekk straff for medverknad. OK-Fish vart slege konkurs like etter at svindelsaka vart kjend.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.04.2010