Hopp til innhold
X
Innhald

Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra

Sogndal sett frå Stedje i 1835, teikna av Cathrine Køll.

Sogndal sett frå Stedje i 1835, teikna av Cathrine Køll.

Den gamle strandsitjarstaden Sogndalsfjøra - eller Sogndalsfjæren som det vart skrive før - var i eldre tid ein av dei største tettstadane i Sogn saman med Lærdalsøyri (sjå: Strandsitjarstaden Vikøyri) og Vikøyri (sjå: Plan om by på Lærdalsøyri).

I eldre tid vart staden ofte nemnd som «Sogndalsfjæren» - i nyare tid er stadnamnet ofte avkorta til «Fjøra».

Den låg langs stranda frå utløpet av Sogndalselvi og innover til kommunekaia, og var bygt på ein eldgamal almenning. På almenningen hadde folk opp gjennom bygda opplagsplass for varer som skulle inn og ut med båt. Noko lengre aust, omlag det Hofslund Hotell ligg i dag, var det gamal tingstad.

Eksersisplassen i Sogndal

Midt på 1700-talet låg det også ein militær ekserserplass for Sogndahlske Compagnie like ved strandsitjarstaden - medan kompanisjefen budde på garden Nes.

Fattigfolket i Sogndalsfjøra

Fattigfolket i Sogndalsfjøra

I Fjøra voks det etter kvart ein busetnad for dei fattigaste i bygda - jordlause strandsitjarar og andre fattigfolk. Dei som ikkje var på forsorga, livnærte seg med lausarbeid på gardane i bygda, og elles med litt fjordfiske og ymse handverk.

Handverkarar knytt til jordbruk

Samanliknar ein yrkessamansetjinga i Sogndalsfjøra med Lærdalsøyri på same tid kring 1800 (sjå: Byprega næringsliv på Lærdalsøyri), så er det lagt fleire og meir «byprega» handverksfag på den livlege handelsstaden i Lærdal enn i Sogndalsfjøra. I Fjøra var handverkarane meir retta mot arbeidsoppgåver knytte til jordbruket, medan mange handverkarar på Lærdalsøyri var tydeleg knytte til det spesielle varebytet som gjekk føre seg på den årlege Lærdalsmarknaden.

To kondisjonerte

Dei einaste som skilde seg særleg ut for den ålmenne fattigdomen i Fjøra, var dei to «kondisjonerte» som dreiv gjestgiveria og skjenkestovene på Nytappen (Fossetunet) og i Hofslund. Folket på Hofslund var handelsprivilgerte, og hadde framandklingande familienamn som Alm og Schiøtt.

Men særleg stor vart kontrasten dersom ein såg over til rikfolket som budde på storgarden Stedje, eller til dei rike embetsfolka på sorenskrivargarden ved Loftesnessundet. Les meir i artiklane Storgarden Stedje og Sorenskrivargarden på Loftesnes.

Bygdeslum

Bygdeslum

Dei første skriftlege kjeldene om Sogndalsfjøra er frå skattemanntalet i 1664. På 1600- og 1700-talet auka folketalet i den vesle husklynga til det tredoble, og busetnaden fekk skap som ein liten landsby. I 1776 budde det 210 menneske og i 1801 222 menneske i Fjøra. Innslaget av eldre var relativt stort - av ein eller annan grunn særleg av eldre kvinner.

Dei sosiale tilstandane i Sogndalsfjøra var mildt sagt ille. Sogndalsfjøra var ein rein slum, med dårlege hus, rusk og skit og grisemøk over alt. Dei fleste levde på fattigkassa og almisser.

Pettergota i Sogndalsfjøra. Huset til venstre skal vere der Gjest Baardsen vart fødd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Pettergota i Sogndalsfjøra. Huset til venstre skal vere der Gjest Baardsen vart fødd. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gjest Baardsen frå Sogndalsfjøra

I dette miljøet voks også den kjende meistertjuven Gjest Baardsen opp. Eit hus som ein meiner var barndomsheimen til Gjest Baardsen Sogndalsfjæren, vart totalskadd av brann i 1998, men det er planar om å rekonstruere det som museum.

Rett på sild

Eit kjærkome tilskot i kosten for strandsitjarane var når det vart sett sildesteng i fjorden og dei kunne hente seg ei bøtte sild, slik dei etter gamle reglar hadde rett til. Dette skreiv språkgranskaren Ivar Aasen om då han vitja Sogndalsfjøra i 1843.

Amtssjukehuset i Sogndalsfjøra

Sjukehuset vart bygt i 1819, og tente også som «amtssjukehus» fram til 1838. Det kan sjå ut som eit lyspunkt at det midt oppe i den armodslege husklynga også fanst eit «sjukehus». Men historia til dette sjukehuset er mørk.

Kommisjon vurderte Kaupanger som by i 1840

Sjølv om Sogndalsfjøra var største tettstaden på nordsida av Sognefjorden tidleg på 1800-talet, så fortel det likevel noko om kor låg status strandsitjarstaden hadde som «handelsstad» då det i 1840 skulle vurderast kvar ein framtidig by i indre Sogn burde liggje.

Sogndalsfjøra skiftar andlet

Ut over 1800-talet skifta Sogndalsfjøra etter kvart karakter til eit meir mangslunge bygdesenter.

Gravensteinsgata ca. 1970. Vi ser at frukttrea i Hovehagen er i full blomst. Denne hagen måtte seinare vike plass for Kulturhuset og Posthuset. Foto: Leiv Bergum.

Gravensteinsgata ca. 1970. Vi ser at frukttrea i Hovehagen er i full blomst. Denne hagen måtte seinare vike plass for Kulturhuset og Posthuset. Foto: Leiv Bergum.

Sogndal vert skulestad

Alt tidleg på 1800-talet vart det starta «samtaleselskap» i Sogndal, men denne «skulen» var reservert ungane til den vesle «sosietéten» i bygda. Kring 1860 fekk Sogndalsfjøra sin første «ålmenskule» utanom folkeskulen. Det store gjennombrotet som skulestad fekk Sogndalsfjøra først i 1871.

Sogndalsfjøra har endra seg ein god del sidan Nils O. Reppen tok sitt foto i 1900. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndalsfjøra har endra seg ein god del sidan Nils O. Reppen tok sitt foto i 1900. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011